NRK Meny
Normal

– Ein klovn med eit farleg bodskap

Sjå reportasjen frå 1999 – då Raud Valallianse, med Aslak Sira Myhre i spissen, tok skuledebattane med storm. Den populære politikaren var ein frykta mann i blåe Rogaland.

Sjå reportasjen frå 1999 - då Raud Valallianse, med Aslak Sira Myhre i spissen, tok skuledebattane med storm. Den populære politikaren var ein frykta mann i blåe Rogaland.

RETRO: Ein ung Bent Høie (H) likte ikkje sirkuset rundt Aslak Sira Myhre (RV) i skuledebattane i 1999. Innslaget blei sendt 7. september 1999.

Denne veka har det vore fleire skuleval før stortingsvalet 9. september. I dette høvet har me leita fram skulevalstoff frå 1999, før kommunestyrevalet. Då hadde nemleg valkampen i Rogaland ei eiga popstjerne med namn Aslak Sira Myhre frå Raud Valallianse.

Høgrepolitikar Bent Høie, som i dag er listetopp for Høgre, kritiserer Myhre for å vera ein klovn med farleg bodskap. Medan Sira Myhre kalla dette ein hersketeknikk medan han signerte autografar til ivrige elevar på Teinå skule i Stavanger.

Fasiten etter valet blei at både Aslak Sira Myhre og Bent Høie kom inn i Stavanger bystyre. Høgre var det største partiet med 21 representantar, medan RV hadde to. I skulevala låg likevel RV mykje betre an, sidan Sira Myhre hadde eit godt grep på ungdommane.

I årets skuleval ved Stavanger katedralskule blei Arbeidarpartiet den store vinnaren, medan Raudt (tidlegare Raud Valallianse) saman med SV, H og MDG alle ligg på 13–15 prosent.

Aslak Sira Myhre er nå ute av politikken, og har sidan 2006 vore dagleg leiar for Litteraturhuset i Oslo.

Send inn tips

«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK