Hopp til innhold

– Eg kunne nesten ikkje gå

For andre gong på rad blir OL-draumen til Bjørnar Ustad Kristensen knust av ein skade. – For å sei det rett ut, så er det jævlig kjipt, seier han til NRK.no.

Bjørnar Ustad Kristensen

Bjørnar Ustad Kristensen (30) blei nummer ni på 3000 meter hinder under EM i Barcelona i 2010. Nå ryk både EM i Helsingfors og OL i London på grunn av ein slimpose i hofta. Her fortel han om skaden, som øydelegg OL, i radiostudioet til NRK Rogaland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Bjørnar Ustad Kristensen

Bjørnar Ustad Kristensen under EM i Barcelona.

Foto: MICHAEL DALDER / REUTERS

I dag blei det kjent at ein skade sett friidrettsutøvaren Bjørnar Ustad Kristensen ut av både EM i Helsingfors og OL i London.

Dermed lir han same skjebne som i 2008, då han også gjekk glipp av OL på grunn av ein skade.

– Jævlig kjipt

– For å sei det rett ut, så er det jævlig kjipt. Nå er det andre OL på rad eg går skadd. For alle som står opp heile vinteren og trenar to økter kvar dag, med ein draum om å koma til OL, er dette ekstremt kjipt, seier Ustad Kristensen.

Han fortel at det er ein slimpose i hofta, som gjer at han ikkje kan stilla til verken EM eller OL.

– Eg har følgd alle råd eg har fått frå lokale legar og olympiatoppen, men det har ikkje fungert. Så nå må eg heller ta meg ein lenger pause. Ein kan ikkje gå skadd i to og ein halv månad og tru ein skal vera klar for både OL og EM, seier han.

– Kor tid forsto du at håpet var ute?

– Eg tok ein sjanse og drog til høgda for tre veker sidan. Her trente eg 70 prosent av det normale, men foten tolte det ikkje. Deretter trappa eg litt ned. I helga prøvde eg meg på eit løp, dagen etter kunne eg nesten ikkje gå. Då forstod eg at det var slutt på denne delen av sesongen.

Får reisa på ferie

Bjørnar Ustad Kristensen har tidlegare oppnådd svært gode resultat i hinder. Og toppen nådde han då han klarte ein niande plass i OL i Barcelona i 2010.

– Korleis blir dagane dine nå?

– Nå skal eg vera litt grinete fram til måndag, så er det å sjå vidare fram. Eg skal ta ei ny sprøyte i morgon, og dersom eg er heldig kan eg kanskje få med meg NM.

Han seier det vil bli verst å gå heime når OL går på TV. Likevel er det ikkje berre negative sider med å gå glipp av meisterskapen.

– For første gong på 15 år kan eg reisa på sommarferie, så akkurat det skal jo bli fint. Men i botn og grunn er det kjipt med tanke på innsatsen eg har lagt ned i dette, seier han.

ARKIVKLIPP:

Video Bjørnar Ustad Kristensen

ARKIV: Sjå videoklipp frå då Bjørnar Ustad Kristensen fekk finalebillett direkte på NRK, under EM i Barcelona 2010.