Hopp til innhold

– Eg finn ikkje roen før rittet er over

Kona til Alexander Kristoff, Maren, håper at tryggleiken rundt det tyske sykkelrittet blir trappa kraftig opp, etter meldinga om eit avverja terrorangrep.

Maren Kommedal

Maren Kristoff blei ringt opp av Alexander like etter ho fekk høyra om den avverja terroraksjonen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

  • SISTE: Klokka 19.43 melder VG at rittet er avlyst.

– Det er ekkelt å tenka på at det finst folk som planlegg slike ting mot noko som berre skal vera kjekt og hyggeleg, seier Maren Kristoff til NRK.no.

Kona til Alexander Kristoff var heime i Stavanger då ho gjennom media fekk melding om at tysk politi skal ha avverja eit terrorangrep mot eit sykkelritt i Tyskland, som mannen hennar skal sykla i morgon. To personar skal vera arresterte etter funn av eksplosiv og våpen, melde ZDF i dag.

Har tenkt på terrorfare tidlegare

– Like etter eg hadde fått med meg nyheita ringde Alexander meg. Han synst også det var ekkelt, og han har nok ikkje tenkt så mykje på at dette er noko som kan skje, seier ho.

Saman har dei ein gut på tre år og ventar nummer to. Maren har også tidlegare kjend på ubehag når mannen har delteke i store sykkelritt.

– Eg har hatt det litt i tankane på avslutningsetappen på Tour de France, for ein les jo og høyrer om fæle ting som skjer overalt, og det er jo uskuldige som ofte blir råka, seier ho.

Håper på ekstra bemanning

Maren Kristoff er glad for jobben tysk politi har gjort i forkant av rittet, og ho forventar at tryggleiken rundt «Rund um den Finanzplatz Eschborn-Frankfurt» nå blir trappa opp.

– Eg håper dei sett ut ekstra bemanning og tilsyn. Sjølv om det truleg blir eit trygt sykkelritt finn eg ikkje heilt roen før det er over, seier ho.

Så langt har det ikkje kome melding om at rittet blir avlyst, som følgje av terroravverjinga.

Alexander Kristoff og Maren Kommedal

Frå bryllaupet til Alexander og Maren Kristoff i fjor.

Foto: Erik Waage / NRK