NRK Meny
Normal

– Du føler deg hjelpelaus

Bjerkreimsbonden Svein Roald Tengesdal bygde opp møblane på plank då vatnet frå ekstremvêret «Synne» trengde inn i huset. I dag var den store opprydningsdagen for dei mange flaumråka i Dalane-regionen.

Dagen derpå i Bjerkreim

VIDEO: Slik ser huset til Svein Roald Tengesdal ut etter at store mengde vatn har kome inn i huset i helga.

– Du føler deg heilt hjelpelaus, og kan berre sjå på at vatnet trekkjer inn i huset. Ute i elva er det enorme krefter, her inne kjem vatnet stille og krypande, seier Tengesdal.

Det er dagen derpå for bjerkreimsbonden, som stabla vaskemaskina, møblar og anna inventar på plankar då dei enorme vassmengdene frå Bjerkreimsvassdraget trengde inn i huset i helga.

Bjerkreim var blant kommunane som blei hardast ramma av ekstremvêret «Synne», og kommunesenteret Vikeså blei som Venezia.

Blir neppe julefeiring i huset

Bonde Svein Roald Tengesdal har ikkje opplevd likande vassføring i Bjerkreimselva sida storflaumen i 1992.

– Her snakkar me om flaumen i 1992 som var ekstrem, men denne helga var det nesten dobbel vassføring som den gong. Eg har aldri sett noko slikt før.

Kona hadde gjort klart huset til jul, men nå er det lite som minner om julestemning i heimen. Nå spørst det om det blir julefeiring heime på garden.

– Dette er ei forsikringssak og fagfolk må avgjera kva som skal bli gjort. Men du kjenner kloakklukta og eg synst ikkje dette er nokon plass å vera denne jula.

– Kaos alle vegar

Litt lenger sør i Rogaland måtte bonde Øyvind Steinnes hella ut 4000 liter mjølk då bygda Hovsherad i Lund blei isolert som følgje av uvêret.

Måndag gjekk oppryddingsarbeidet føre seg for fullt også hos han. Mellom anna flyt det 1000 rundballar i området ved garden hans.

– Det er kaos alle vegar her, men folk trør til og hjelper. Det er mange traktorar her nå og ei veldig dugnadsand. Men minst 25 prosent av rundballane er øydelagde.

(Artikkelen held fram under bilete).

Rundballar

1000 rundballar ligg og flyt ved garden til Øyvind Steinnes i Hovsherad.

Foto: Øyvind Steinnes

Tømmer kjellarar for vatn

Mannskap frå Sivilforsvaret arbeidde måndag med å tømma kjellarar i Dalane-kommunane for vatn etter ekstremvêret i helga.

Det er foreløpig usikkert kor store dei materielle skadane er, men mange måtte evakuera då hus trekte inn vatn. Finn Hauge er i full sving med å tømma ein kjellar for vatn i Tengesdal då NRK treff han.

– Her er det om lag ein halvmeter med vatn, men nå set me i gang med bensindrivne pumper. Dei tar betre unna enn dei elektriske.

(Artikkelen held fram under bilete).

Vannskader Tengesdal

Her tømmer Sivilforsvaret ein kjellar for 30.000 liter vatn i Tengesdal.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund

Berre hans patrulje tømde ut vatn frå fire kjellarar måndag. I den eine blei det pumpa ut 30.000 liter.

– Gjennom helga har det stort sett gått i pumping av vatn og sikring av bruer og overgangar. I tillegg har me hjelpt med medisinar og mat, seier Hauge i Sivilforsvaret.

Paradoksalt nok; fleire har også vore utan vatn i springen den siste tida. Blant dei Marius Tengesdal.

– Det var ein halvmeter med vatn i kjellaren, slik at vasspumpa stod under vatn. Me har ikkje hatt vatn i springen sidan laurdag kveld, men det har gått greitt, seier han.