Hopp til innhold

– Dette kunne ført til ei alvorleg ulukke

Kontrollørane er glade dei fekk stoppa lastebilen som køyrde med laust framhjul.

Øydelagt bolt på hjul

SKADD HJULBOLT: Dette var det mest alvorlege funnet Vegvesenet gjorde under kontrollen sin på Krossmoen i går kveld.

Foto: Vegvesenet

Måndag kveld hadde Vegvesenet trafikkontroll på Krossmoen ved E39 i Eigersund kommune. Det mest alvorlege funnet blei gjort på ein lastebil.

– Felgen på framaksling var laus. Dersom dette ikkje hadde blitt avdekka i kontrollen kunne det ha ført til ei alvorleg ulukke, fortel Odd Arild Flintland frå Vegvesenet.

Det var bolten som skulle halda felgen på plass som var skadd.

Føraren fekk gebyr og måtte fiksa dekket før han fekk køyra vidare.

Det blei elles skrive ut 3 gebyr for overlast og eitt gebyr for manglande bombrikke.