Hopp til innhold

– Dette kan øydelegga bumiljøet

Støy frå anlegget gjer at landeigarane ikkje vil gi frå seg areala til Fjord Motorpark – men dei som støtter parken meiner at støyen ikkje blir noko problem.

Fjord motorpark

FJORD MOTORPARK: Om nokre år kan idrettsarenaen for motor-, sykkel og luftsport vera på plass. Men landeigarane trur støyen kjem til å vera ei plage for mange nabolag i nærleiken.

Foto: Fjord Motorpark (montasje)

– Parken ligg for sentralt og nærme folk. Me er rett og slett redde for at støyen vil øydelegga bumiljøet for heile Avaldsnes, seier landeigar Jan Magnus Hillesland.

Han eig 65 dekar med landområde som Fjord Motorpark vil bygga motorsportanlegg på. 530 dekar er planlagt til ein park for både motor-, sykkel og luftsport.

Landeigar frå Avaldsnes Jan Mangus Hillesland

FORTVILA: Landeigar Jan Magnus Hillesland er sliten av den ti år lange kampen mot parken.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

I tillegg til at 25 landeigarar må gi frå seg områda sine til parken, må dei høyra på støyen frå det komande anlegget – som vil generera rundt 80 årlege stemner og 90.000 besøkande.

Frå den planlagde motorparken er det éin kilometer til nærmaste tettstad, noko som ifølge landeigarane er altfor kort.

– Me kan ikkje berre la oss køyra over på den måten som me føler at me blir her, seier Hillesland, som har vore med å samla inn 1000 underskrifter mot parken i nabolaget.

– På høg tid med motorpark

Frode Sørheim er leiar i Amcar Karmsund, motorsportutøvar og styremedlem i Fjord Motorpark. Han har vore med å kjempa for idrettsarenaen i ti år, og meiner det er på høg tid med eit slikt tilbod.

Frode Sørheim

ENTUSIAST: Frode Sørheim.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Det hadde vore ein kjempefordel å fått ein arena der me kan konkurrera på heimebane. Det kortaste strekket me har no er 30 mil for å koma til ein plass me kan konkurrera.

Fjord Motorpark trur at idrettsarenaen vil gi eit betydeleg løft i idrettstilbodet for 30 særidrettsgreiner i landet. Motorsportentusiasten meiner at støyen ikkje kan vega opp for gleda av sporten.

– Dei burde vore på eit arrangement ein gong og sett kva det er. Då kan jo henda dei hadde byta side, seier Sørheim om landeigarane.

Frode Sørheim og go cart

HEIMEBANE: Sørheim ønsker seg ein motorpark der utøvarane kan sleppa å reisa langt, og heller konkurrera på heimebane.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Stor politisk usemje

Formannskapet i Karmøy er splitta i synet på om kommunen bør støtta Fjord Motorpark. Frp fortel at lyden frå motorsportanlegget uansett ikkje kjem til å overstiga det som står i lovverket. Difor må det bli tatt målingar av støyen før bygginga kan bli sett i verk.

Helge Thorheim

STØTTER PARKEN: Helge Thorheim i Karmøy Frp.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Det er for å vera sikker på at støyen held seg under dei føreskrivande nivåa som ligg i forskrifta, seier gruppemedlem Helge Thorheim.

Men Fjord Motorpark har ikkje råd til å betala for støymålingane sjølv, og ber kommunen om pengar. Forslaget blei nedstemt i formannskapet 17. oktober.

I kommunestyret måndag kjem det endelege svaret på om motorparken får støtte. Om ikkje, kan prosjektet vera historie.

Om støymålingane blir gjennomført og nivået godkjent, kjem lyden framleis til å vera ein belastning for nabolaget, meiner gruppeleiar Tor Asle Grønningen i Sp.

Tor Asle Grønningen

MOT PARKEN: Tor Asle Grønningen i Karmøy Senterparti.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Eg ser ei opprørt Avaldsnes-bygd som ikkje ønsker eit motorsportanlegg av desse dimensjonane rett ved nabolaget.