Hopp til innhold

– Dette er showbusiness så det suser etter

Sjølv Museum Stavanger er overraska over den enorme merksemda berginga av skøyta «Wyvern» har fått.

Onsdag kveld blei det sett eit førebels punktum i sagaen om den historiske Colin Archer-skøyta «Wyvern» då skøyta blei sjøsett i Vågen i Stavanger.

Museumsskøyta forliste i Østersjøen 11. juli. Heile mannskapet blei berga, men ein nederlandsk redningsarbeidar omkom.

Forliset – og ikkje minst aksjonen for å få skøyta heim igjen til Stavanger – førte til enorm merksemd i media. Direkteoverføring og drøssevis med oppslag i aviser, radio, TV og på nett er resultatet.

– Dette er showbusiness så det suser etter, seier kulturpersonlegdommen Thor G. Norås.

Les også: – Nå har vi endelig fått opp Wyvern – Wyvern skal på vannet igjen

Har sett rockeshow før

Thor G. Norås

Thor G. Norås.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Han seier det ikkje er rart at ei slik sak får merksemd, for her dreier det seg om store pengar, næringslivet og det å skapa ein event.

– Museet har mobilisert, kringkastinga har mobilisert og Stavanger Aftenblad har sett inn alle sine ressursar.

– Har du følgd med på redningsprosessen sjølv?

Nei, eg har sett rockeshow før eg, svarer han lurt.

Klør seg i hovudet over dekninga

Også Terje Eide i Markedsføringshuset i Stavanger har latt seg overraska over det veldige trøkket rundt «Wyvern».

Terje Eide

Terje Eide.

Foto: Ståle Frafjord

– Eg hadde ikkje noko forhold til båten før forliset. Når eg ser dimensjonane saka har fått, klør eg meg litt å hovudet, seier han.

Han trur årsakene til det massive medietrykket er samansett.

– Det handlar litt om dramatikken i historia. Forliset og redninga er fengjande, og så trur eg nokon har blitt einige om at dette skal vera eit bysymbol ein skal slå ring rundt – og så løfter media fram dette.

– Reint pr-messig, står dekninga til terningkast seks?

For dei som bryr seg om båten, gjer det heilt klart det. Skal ein vurdera det ut frå kva media skal vera opptekne av, så er eg ikkje like sikker.

Overraska museumsdirektør

Siri Aavitsland

Siri Aavitsland.

Foto: NRK

Sjølv leiar for Museum Stavanger (som eig skuta, journ. merk.), Siri Aavitsland, innrømmer at ho er overraska over mediedekninga.

– Ja, det er eg. Eg er svært overraska og rørt over det engasjementet berginga av «Wyvern» har fått. På mange måtar er bergingsprosjektet blitt eit sterkt symbol på ein maritim kultur som står oss nært.

– Samtidig seier det litt om tida me lever i. Kanskje er det ei tid der med treng symbol som samlar oss, undrast musemunsdirektøren.

Thor G. Norås er ikkje berre negativ til den massive medieomtalen.

– Engasjementet frå museet, oljeindustrien og alle andre, i tillegg til det fabelaktig gode sjømannskapet, varmar eit sjømannshjarta, seier han.