Hopp til innhold

– Dette er nostalgi på sitt beste

Julebyen i Egersund er opna for 13. gong.

Julebyen i Egersund opna for 13. gong.

Julebyen i Egersund er full av buer som sel mykje forskjellig. Men det kostar ingenting å gå inn på marknaden.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Julebyen i Egersund har blitt ein tradisjon, og i år reknar arrangøren med besøk av 50.000 store og små i løpet av dei to vekene julemarknaden varer.

Julebyen i Egersund opna for 13. gong.

Selma Johanna Bjelland Johnsen og Karoline Helland Pedersen er på plass på opninga av julebyen.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Vikarierande julebygeneral Johan Aakre meiner folk kjem for totalopplevinga.

– Julebyen er laga av dugnadsfolk, folk som har lyst til å gjere dette. Dei har laga ei boble av nostalgi med lukt og lyd, seier han.

Julebyen i Egersund opna for 13. gong.

Egersund Soul Children song under opninga av Julebyen.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Kva får ein når ein kjem til julemarknaden i Okka by?

– Ei ikkje-kommersiell oppleving, ein får komme inn i ei boble der det ikkje kostar noko å komme inn. Slike stader eksisterer ikkje lenger. Å vere i julebyen er nostalgi på sitt beste.

Julebyen i Egersund opna for 13. gong.

Julebyen i Okka by er blitt ein tradisjon. Arrangøren reknar med besøk av 50.000 i løpet av dei to vekene julemarknaden varer.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Både store og små besøker julemarknaden. Inger Ravneberg meiner det er mest moro når nissefar og nissemor kjem til julebyen.

– Og så er det mykje fint å kjøpe her, seier ho.

– Kva er det kjekkaste med jul?

– Det er nok pakkene.

Julebyen i Egersund opna for 13. gong.

Nora Viggen, Ine Rosland, Tilla Klippen, Karine Torgersen, Sofie Pedersen, Inger Ravneberg og Elisabeth Puntervold koste seg på julemarknad i Egersund.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Sjå video:

I ettermiddag opna julebyen i Egersund for 13. gong. Arrangøren reknar med besøk av 50.000 store og små i løpet av dei to vekene julemarknaden varer.