Dei tre ungdommane som er sakna frå Rogaland kjem frå Stavanger, Haugesund og Egersund.
- Les òg:
– Det viktigaste for folk nå er nok å vera saman, seier Inghild Vanglo som er leiar i Arbeidarpartiet i Eigersund.
Kan grina saman
Byen hennar har blitt direkte råka av skytinga i går. Det var fleire ungdommar frå Egersund på Utøya, tre av desse er skadde og ein er sakna.
- Les òg:
- Video:
– Me har nå opna ungdomsklubben Pingvinen, her er både kommunen sitt kriseteam og Røde Kors til stades for å hjelpa dei som har behov for det., seier Arnt Ove Østebrøt som er leiar for kriseteamet i Eigersund.
Han seier at alle kan koma og at dei her kan snakka og grina saman.
– I tillegg til å sørgja for at dei råka kjem saman med sine nærmaste, er noko av det viktigaste me kan tilby fakta og informasjon i ein uoversikteleg situasjon, seier Østebrøt.
Arnt Ove Østebrøt er kriseteamleiar i Egersund og Inghild Vanglo er leiar for Eigersund Arbeidarparti.
Foto: Øystein Ellingsen / NRKJobbar på spreng
Inghild Vanglo har vore i kontakt med fleire pårørande og kjenner sjølv korleis situasjonen tar på.
– Eg har nesten ikkje sove i natt. Eg låg på sofaen og følte at eg måtte få med meg alt det siste frå Utøya. Eg trur ingen av oss heilt forstår omfanget av dette endå.
Ho meiner også at dette er det verste som har råka Norge sidan krigen.
– Me vurderer heile tida korleis me skal jobba vidare med situasjonen, seier Østebrøt.
På AP sitt kontor i Stavanger og i Haugesund blir det òg jobba på spreng for å prøva å finna dei sakna Rogalendingane, og med å setja opp transport for dei som treng det.