Hopp til innhold

– Det verste som kunne skjedd oss

Sunil Mishra (21) frå Nepal er i Noreg på eit utvekslingsprogram i regi av Røde Kors. Frå Stavanger bidreg han med informasjon til det katastrofe-råka heimlandet sitt.

Nepal jordskjelv

Sunil Mishra (21) samlar nyheiter frå katastrofen i Nepal og deler det via sosiale nettverk frå basen sin i Stavanger.

Foto: Niranjan Shrestha/privat / Ap

– Eit jordskjelv på 7,9 på Richters skala har råka landet vårt. Det er det verste som kunne skjedd oss, seier Sunil Mishra til NRK.

21-åringen frå Nepal er med på Røde Kors Ungdom sitt utvekslingsprogram, og er i Noreg for å utveksla kunnskap og erfaring på tvers av landegrenser gjennom Røde Kors.

I 10 månader skal han vera stasjonert på Karmøy, men akkurat nå arbeider han i Stavanger. 21-åringen følgjer katastrofen i heimlandet tett.

Over 1400 menneske er døde og mange hundre er skadd i det kraftige jordskjelvet i Nepal, og truleg vil dødstalet stiga.

– Det er veldig triste nyheiter frå heimlandet. Hovudstaden Katmandu er ein tett busett by med mange bygningar og tempel.

Over 100.000 frivillige

Sunil Mishra kjem frå den vestlege delen av Nepal, om lag 350 kilometer frå Katmandu. Det kraftige jordskjelvet hadde sitt episenter mellom Katmandu og byen Pokhara, noko som betyr at 21-åringen sine næraste ikkje er direkte råka av katastrofen.

Han har i dag vore i kontakt med familie og venner, og kollegaer i Røde Kors i Nepal. Ifølge den unge hjelpearbeidaren har Røde Kors over 100.000 frivillige i Nepal.

– Røde Kors står midt i redningsarbeidet saman med politiet, militæret og lokalbefolkninga. Dei hjelper til med å finna sakna, hjelpa dei såra og tar dei med til sjukehus. Dei byggjer også mellombelse tilfluktsrom og sjukehus.

(Artikkelen held fram under videoen).

Mange hundre døde i jordskjelvet i Nepal.

SJÅ VIDEO: Det vil ta lang tid å få oversikt over omfanget av naturkatastrofen i Nepal.

Hjelper til frå Noreg

Dersom Mishra sjølv hadde vore i heimlandet sitt nå, ville han nå sprunge rundt i uniforma til Røde Kors. Nå er han langt borte frå Nepal og kan ikkje hjelpa til med det kritiske hjelpearbeidet.

– Men eg gir støtte frå Noreg. Eg samlar nyheiter og deler det på våre sosiale nettverk, og ber om hjelp på internett.

For to år sidan erfarte han korleis det er å hamna midt i eit jordskjelv.

– Det var ikkje så stort som det som nå har råka Nepal, men det var likevel veldig skremmande, seier 21-åringen.