Hopp til innhold

– Det var som å få ein knockout

Etter to kraftige dunk i hovudet må Geir Kåre Cemsoylu Nyland frå Haugesund hentast av Røde Kors i tirsdagens episode av Norges Tøffeste. Sjølv hugsar han lite av hendinga.

I dagens episode av Norges tøffeste skader Geir Kåre seg og må fraktast på båre ut av konkurransen. Han slår hovudet i ein tømmerstokk som ligg i vatnet under hinderløypa og får problem med å komme seg i mål i konkurransen.

SJÅ VIDEO: Etter å ha slått hovudet to gonger under vatn må Geir Kåre hentast av Røde Kors.

Geir Kåre Cemsoylu Nyland

Geir Kåre Cemsoylu Nyland frå Haugesund er kampsportinstruktør og deltakar i NRK programmet Norges Tøffeste.

Foto: Cathrine Dillner Hagen, NRK
  • Sjå andre episode av Norges Tøffeste på NRK3 klokka 22.25 tirsdag kveld. Eller sjå den i Nett-TV nå.

Sjølv om Geir Kåre Cemsoylu Nyland kjempar om å bli Norges tøffaste i NRK sin TV-serie, innrømmer han at det var godt å ha kjærasten sin ved si side då det blei vel dramatisk under ein av konkurransane.

Det var i slutten av ei løype at ein svært sliten Geir Kåre dunka seg to gonger i hovudet under iskaldt vatn då han skulle dukka under hinder. Etter han dunka seg blei han svært dårleg.

– Eg såg stjerner då det skjedde første gong og tenkte at eg blir knocka om eg får eitt til. Så skjedde det same igjen, men heldigvis kom eg meg opp, fortel han i dag.

– Desorientert

– Korleis var du i forma då?

– Eg blei desorientert, sleit med balansen og blei kvalm, seier Geir Kåre.

Sambuaren hans, Lotte Anfinsen Haaland, er også med i konkurransen. Ho blei uroleg for sin kjære.

– Ho synst det var skremmande at det virka som om eg ikkje kjende ho att, og sjølv om eg ikkje hugsar så mykje sjølv var det godt å ha ho der, seier Geir Kåre.

Det einaste minnet Geir Kåre hadde var at han var redd for å ryka ut av konkurransen. Sjølv om han like etter sa at han var klar for nye utfordringar hugsar han heller ikkje dette.

– Ei kul oppleving

– Veit du kva som skjedde med deg?

– Nei, men eg var fin etter ei stund. Eg driv jo med kampsport og opplevde det som ein knockout, berre litt annleis sidan eg blei verre og verre.

Sjølv om det blei dramatisk for Geir Kåre, meiner han at det er ein pris som er verd å betala.

– Dette er noko eg aldri før hadde vore med på, det var ei kul oppleving og eg angrar ikkje, slår han fast.

Likevel er han framleis irritert på at han ikkje klarte dukka under stokkane utan å dunka seg.