NRK Meny
Normal

– Det var ikkje ei kjekk oppleving

Stortingspolitikar Bent Høie (H) hamna midt i politiaksjonen ved Stortinget, då han skulle heim frå kontoret i går kveld. Nå stoler han på at politiet handsamar situasjonen på ein god måte.

Bent Høie var i Stortinget då bombetrugselen kom

POLITIAKSJON: I 23-tida tysdag kveld kom store politistyrkar til Stortinget for å sperra av området etter ein bombetrugsel. Stortinget er onsdag morgon framleis under politiet sitt vakthald.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix/Stortinget

– I det eg kom ut døra frå Stortinget kom det politibilar inn frå alle kantar, væpna politi hoppa ut og stilte seg opp rundt bygget, fortel stortingspolitikar Bent Høie til NRK.no.

Det hadde kome bombetrugsel mot arbeidsplassen hans, og framleis onsdag morgon omringar om lag 20 politibilar, tungt væpna polititenestemenn og sperreband Stortinget.

– Stolar på politiet

Dette visste Høye ingenting om då han kom ut døra, og hamna midt i politiaksjonen i går kveld.

– Etter ei stund trudde eg det var på grunn av at Bill Clinton var i Norge, men så forstod eg det var noko meir alvorleg, seier han.

Sjølv om han var oppskaka var det ikkje meir å gjera enn å gå heim. Der ringde han ein kollega som framleis var inne på Stortinget og fekk oppklaring i kva som skjedde.

Solveig Horne

Solveig Horne representerer Framstegspartiet på rogalandsbenken på Stortinget.

Foto: Stortinget

– Blir du redd når folk trugar med å sprenga Stortinget?

– Det var ikkje ei kjekk oppleving å sjå at det plutseleg kom mykje væpna politi og stilte seg opp. Eg lurte på kva som skulle skje, men eg stoler på at politiet har kontroll på dette, så det går heilt sikkert fint.

Mogleg å koma seg inn

I dag skal det vera spørjetime, og ifølgje Stortingspolitikarane NRK.no har vore i kontakt med vil dagen gå som normalt på innsida av det vakta bygget.

– Det er framleis politivakthald rundt bygningsmassen, men det er mogleg å komma seg inn med inngangskort via Akersgata, står det skrive på Stortinget sine heimesider.

Ei av dei som skal inn på Stortinget i dag er Solveig Horne frå Frp, også ho stolar på at politiet har kontroll på situasjonen.

– Det er litt spesielt, og ein føler at verda kjem litt nærmare. Likevel er det bra at politiet tar alle trugslar på alvor og sett i gang ein aksjon.

– Blir du uroleg?

– Nei, eg tar dette med ro. Når alt kjem til alt trur eg me har ein veldig god sikkerheit i Norge, seier Horne.