Hopp til innhold

– Det var ei veldig kul oppleving

Lidolido fekk amerikanarane til å dansa, då han hadde konsert i Philadelphia på den amerikanske nasjonaldagen i natt.

The Philly's Fourth of July Jam Concert - VH1.com - Rehearsal Performance

The Philly's Fourth of July Jam Concert : Her opptrer norske Lidolido på den største gratiskonserten i USA. Konserten er på nasjonaldagen 4. juli.

Foto: HD1 / wenn.com

Philadelphia Fourth of July Ahmir "?uestlove" Thompson

The Roots var husband under årets Philly 4th of July Jam.

Foto: Mark Stehle / Ap

Saman med store artistar som John Mayer, Ne-Yo, The Roots og Demi Lovato stod Lidolido frå Tysvær for underhaldinga på VH1 sitt arrangement «Philly 4th of July Jam» i Philadelphia i natt.

Konserten har opp mot ein halv million publikummarar, og er rekna for å vera Amerikas største gratiskonsert. Sjølv om ikkje alle fekk med seg Lidolido, var det ei stor oppleving for nordmannen.

– Eg spelte ganske tidleg, og i byrjinga var det ikkje så mange folk, men det kule var at det strøymde på med folk etter kvart, seier artisten til NRK.no.

Heller 17. mai enn 4. juli

For LidoLido var det stort å spela saman med mange av sine store heltar. Spesielt var det også med eit litt annleis publikum.

– Det var veldig kult å spela for amerikanske folk. Dei hadde ingen forventingar, men dei dansa og responderte veldig bra, seier han.

Når han blir beden om å stilla 4. juli i USA opp mot 17. mai i Norge, kjem det fram at han ikkje har blitt heilt frelst av Amerika.

– Det er to heilt ulike ting, men eg må nok gå for 17. mai, avsluttar Lidolido, som snart skal spela på speidaren sin landsleir i Stavanger.

Får Twitter-skryt frå Jasmine Villevegas

Med å spela tidleg var fordelen at han kunne få med seg mykje musikk utover kvelden, og på Twitter kunne han fortelja at Jasmine Villevegas var ein artist som gjorde inntrykk:

«Just fell a little bit in love with @JasmineVillegas. #PhillyJam»

Og Jasmine hadde også fått med seg Lidolido sin konsert:

«@LidoLido great meeting u!! your show was awesome!!!»

Sjå musikkvideo av Jasmine Villevegas: