Hopp til innhold

– Det må vera ein pyroman som står bak

Dagleg leiar på bilopphoggeriet Knoksen er skaka etter to brannar på ei og same natt. Dottera hans var på tomta då brann nummer to starta.

Dagleg leiar om brannen

Geir Sveinsvoll er dagleg leiar på bilopphoggeriet Knoksen. Han var på ferie på Sørlandet då han blei varsla om brannen i natt.

Foto: Ronny Hjertås

– Eg er tom for ord. Dette er ikkje vanleg hærverk men truleg noko ein sjuk person står bak. Ein pyroman, seier dagleg leiar ved Knoksen, Geir Sveinsvoll.

Han er oppskaka etter det i natt byrja det å brenna på bilopphoggeriet på Forus i Sandnes. To timar etter den første brannen var sløkt byrja ein ny, denne gong ein annan stad på tomta. Politiet meiner at begge brannane er påsett.

Var inne på kontoret

Då brann nummer to starta var dottera til Geir Sveinsvoll, økonomisjef Siri Sveinsvoll, inne på kontoret på branntomta.

– Eg sat og gjekk gjennom video frå overvakingskameraet, etter avtale med politiet. Plutseleg såg eg i sidesynet at ein haug med dekk stod i full fyr. Det var veldig skremmande, fortel Siri Sveinsvoll til NRK etter ei hektisk natt.

Ho varsla brannvesenet, som kom og sløkte brannen. Nå kjenner ho seg ikkje trygg.

– Me har fått inn ekstra mannskap frå eit vaktselskap til å passa på. Eg kjenner meg ikkje trygg før denne saka er oppklart, seier ho.

Ein storbrann er nemleg noko av det verst tenkelege som kan skje for bilopphoggeriet.

– Me har førebygging av brann i høgsetet. Skulle me bli råka av storbrann ville det kome mykje røyk i nabolaget vårt, der det er svært mange bustadhus. Ei frykt ville også vore at brannen spreidde seg til nabobygga, fortel Siri Sveinsvoll.

Artikkelen held fram under videoen

Det har vore to brannar på Knoksen i Sandnes i natt.

Forstår ikkje kva motivet skal vera

Førebels har ikkje politiet teke nokon for ugjerninga, men dei skal ifølgje Sveinsvoll ha sett av ressursar.

– Nå er dei her og går sjølv gjennom overvakingsvideoen. Eg håper verkeleg at dei tar personen som står bak, fortel ho.

Geir Sveinsvoll kan ikkje forstå kva som kan ha motivert nokon til å gjera dette.

– Eg er ikkje i stand til å sjå at nokon har motiv for å gjera dette. Me har ein del tjuvar som kjem om nettene, men dette er heilt nytt for oss. Det krev ein del innsats for å få fyr på bildekk, derfor tenker eg at personen som har gjort det må vera sjuk.