Hopp til innhold

– Det ligg an til å bli vindpark

Før helga avgjorde Statskraft at dei vil investera 800 millionar kroner i Vindpark i Bjerkreim. Dermed er vindparken på Moifjellet nærmare realisering enn nokon gong tidlegare.

Moifjellet

Slik kan det bli sjåande ut på Moifjellet i Bjerkreim. (Bilete er frå konsesjonsøknaden)

Foto: Shell

– Dette kan bety svært mykje for heile kommunen, seier ein nøgd Magne Vaule som er gruppeleiar i Arbeidarpartiet i Bjerkreim.

Slik han ser det er det einaste som kan stoppa vindparken nå at Statskraft ikkje får konsesjon. Noko han ikkje trur vil skje.

Arbeid til kommunen

– Saka er til anke i departementet nå etter oppmoding av ein samla allianse av naturvernarar, seier Vaule.

Han håper at dette skal bli klart i år, og viss konsesjonsøknaden går gjennom tyder alt på at Statskraft vil investera ein liten milliard i prosjektet.

Vaule peiker på at dette vil generera mange arbeidsplassar i kommunen, og at det vil gjera at Bjerkreim kan bidra til ei klimavenleg utvikling.

Regjeringa hjelper til

Det er regjeringa som legg til rette for at Statskraft kan gjera store investeringar i miljøvenleg fornybar energi i Norge og internasjonalt.

Totalt kan statskraft investera for omlag 82 milliardar kroner, og i investeringsplanen sin som dei la fram på fredag stod det at dei ville la 800 millionar gå til Moifjellet.

Prosjektet med vindpark på Moifjellet har vore i planleggingsfasen sidan 2003. Først var det Shell som leia prosjektet, men Statskraft har nå teke over.

Det er planlagt nærmare 60 vindmøller på Moifjellet.