Hopp til innhold

– Det er svært glatte vegar

Politiet åtvarar om svært glatte vegar måndag morgon. I Karmøy har allereie ein bil hamna i grøfta.

Ulukke i Karmøy

KARMØY: Denne bilen hamna i grøfta på Austre Karmøyveg ved Blikshavn. Bilføraren blei sitjande fast i bilen etter ulukka.

Foto: Kristian Eidesvik

Klokka ti på halv sju måndag morgon fekk politiet inn melding om ein bil som hadde hamna på taket i grøfta til Austre Karmøyveg ved Blikshavn. Vegen er ifølgje politiet svært glatt.

Fekk hjelp av forbipasserande

Det var ingen alvorlege personskadar i ulukka, men føraren kom seg ikkje ut av bilen med ein gong.

– Han blei sitjande fast inne i bilen, det var tilfeldige forbipasserande som hjelpte han ut, opplyser Oddvar Olsen, som er operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Men det er ikkje berre på Karmøy vegane er glatte.

Ber bilistar om å vera ekstra forsiktige

Både i lågare og høgare strok er det meldt om glatte vegar i Rogaland.

– Vegane ser våte ut, og mange kan bli overraska av glatt føre. Det seier Eli Solberg i Vegtrafikksentralen, som ber bilistar om å vera ekstra forsiktige i trafikken.

Ho seier at folk må setja ned farten sjølv om ein køyrer på bar veg.

– Plutseleg kjem ein i eit glatt parti, og der kan det vera svært glatt, seier Solberg.

Også i går kveld var det glatt på vegane i Rogaland, noko som førte til fleire uhell.