Hopp til innhold

– Det er eit enormt samhald på Gullfaks B

Konsernleiinga i Statoil har kome heim frå besøket på Gullfaks B, plattforma dei 13 omkomne reiste frå på fredag. Konsernsjef Eldar Sætre seier han er stolt over omsorga og samhaldet ute på plattforma.

Eldar Sætre og resten av Statoil si konsernleiing tilbake frå Gullfaks B

LANDA PÅ SOLA: Konsernsjef i Statoil Eldar Sætre (t.v.) saman med Arne Sigve Nylund, som er direktør for utvikling og produksjon i Norge, etter besøket på Gullfaks B.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

I dag har konsernleiinga i Statoil møtt folka som på fredag var på jobb saman med dei 13 omkomne i den tragiske helikopterstyrten ved Turøy. Dei har mellom anna hatt ei minnemarkering for dei døde.

Konsernsjef Eldar Sætre rosar arbeidarane, som framleis er ute på Gullfaks-feltet. Han seier han er stolt over omsorga og samhaldet han fekk sjå der ute.

– Eg opplevde eit enormt sterkt fellesskap. Dei har hatt ei veldig tøff tid og dei har heldt saman. Plattformleiinga og støtteapparatet har gjort ein formidabel jobb, og eg trur alle der ute er godt tekne vare på, sa Sætre til pressa på Stavanger lufthamn Sola.

Gullfaks B

GULLFAKS B: Fleire av arbeidarane ute på Gullfaks B i Nordsjøen var på jobb saman med dei 13 omkomne på fredag. Enkelte av dei reiste med same helikopter på veg ut.

Foto: Ole Jørgen Bratland / Statoil

Oppteken av tryggleik

Tryggleik rundt det å fly helikopter blei også tema under pressekonferansen. Sjølv blei leiinga frakta med CHC Helikopter Service ut til plattforma i dag, heim att blei dei frakta med Bristow. Dette er dei to selskapa som blir brukt for offshore-personal.

– Eg vil takka pilotane og mannskapet som kvar dag transporterar offshore-arbeidarar til og frå jobb. Dei har tøffe dagar nå, og eg vil at dei skal vita at me er takksame for den jobben dei gjer, seier Sætre.

I dag blei det kjent at Shell stoppar alle CHC-flygingar i Norge, etter ulukka. Dette gjer ikkje Statoil.

– Eg kan ikkje svara for Shell, men me har ikkje funne grunnlag for dette, seier Sætre. Han sa også at Statoil skal hjelpa til i CHC si interne gransking av ulukka, i tillegg til at dei skal ha si eiga gransking.

Han garanterer likevel at ulukkeshelikoptera vil bli ståande på bakken heilt til årsaka til ulukka er kjent.

– Må ha maksimal læring

– Tryggleik er Statoil sin aller største prioritet, dersom det me driv med ikkje er trygt så mistar det all meining. Me kan likevel aldri fjerna all risiko, men me må alltid gjera det me kan for at folk skal ha det sikkert på jobb, seier han.

Derfor meiner han det blir viktig å finna årsaka.

– Me vil få fram absolutt alle forhold. Openheit og maksimal læring er ei føresetnad i ein slik prosess, det skuldar me dei etterlatne, og dei som dagleg reiser til og frå offshore-installasjonar.

Konsernleiinga i Statoil har kome heim frå besøket på Gullfaks B, plattforma dei 13 omkomne reiste frå på fredag. Konsernsjef Eldar Sætre seier han er stolt over omsorga og samhaldet ute på plattforma.

VIDEO: Frå pressekonferansen til Eldar Sætre.