NRK Meny
Normal

– Den største anerkjenninga ein banemeister kan få

Terje Bøifot i Sørmarka Arena gler seg til å preppe is for verdseliten nok ein gong.

Terje Bøifot

Terje Bøifot, banemeister i Sørmarka Arena i Stavanger, lover minst like god is som førre gong verdseliten var på besøk.

Foto: Eirik Gjesdal

– Dette er stor stas. Eg gler meg utruleg mykje, seier Terje Bøifot, banemeister i Sørmarka Arena.

I går kom gladmeldinga om at verdscupfinalen på skøyter skal arrangerast i Sørmarka Arena i Stavanger 11.–12. mars.

Arenaen har arrangert verdscup på skøyter ein gong tidlegare. Heile 10.000 tilskodarar var då innom, og det vart sett banerekordar i fleng.

Terje Bøifot

VIDEO: Banemeister Terje Bøifot gleder seg stort til eit nytt besøk av verdseliten.

For Bøifot var eit av høgdepunkta at han fekk mykje skryt for kvaliteten på isen i hallen.

– Eg har aldri fått så mykje skryt i løpet av ei helg nokon gang i livet. Denne gongen skal isen vera minst like bra, seier han.