Hopp til innhold

– Dei svakaste elevane blir hardast råka

Rådmannen i Stavanger føreslår store kutt i skulen. Det vil bety færre lærarar og mindre pengar til tilrettelagt undervisning for elevar med spesielle behov, og det uroar Utdanningsforbundet.

Illustrasjonsfoto av klasserom

Elevar med spesielle behov kan bli hardt råka av forslaga til kutt som rådmannen la fram i dag, trur Utdanningsforbundet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det er store og omfattande kutt. Og det er klart det vil gi eit kvalitetsmessig mykje dårlegare tilbod, både i skulen og barnehagane, seier leiar i Utdanningsforbundet i Stavanger, Merethe Handegaard-Scheie.

I dag la rådmann i Stavanger Inger Østensjø og økonomidirektør Kristine Hernes fram forslag til kutt i kommunen. Dei føreslår eit kutt i skulen på nesten 16,5 millionar og eit kutt i barnehagen på 12 millionar.

– Det er nok skulen som blir hardast råka, for der blei det også gjort dei største kutta i fjor haust. Det skal kuttast fleire stillingar per skule, og det vil bety store klassar og ein heilt annan situasjon for elevane, seier Handegaard-Scheie.

Vil kutte i spesialtilbod

I forslaget som vart lagt fram i dag er det føreslått å kutte 42 lærarstillingar i skulen og i SFO. I tillegg vil PPT få 500 000 kroner mindre.

– Det er elevane som sjølvsagt vil bli dei største taparane. Dei elevane som treng godt tilrettelagt undervisning vil både merke det i den ordinære undervisninga, der det blir større klassar, og så vil dei få færre timar som er tilrettelagt berre for dei, seier Handegaard-Scheie.

Dersom desse kuttforslaga blir vedtekne, oppmodar ho foreldre om å følgje godt med på om barna deira faktisk får det tilbodet dei har krav på.

Vil skjerme dei svake gruppene

No skal kuttforslaga gå vidare til politisk behandling. Gruppeleiar i Stavanger Ap, Cecilie Bjelland, seier dei vil jobbe for å unngå kutt som kan råke dei svakaste.

– Det aller viktigaste for oss er å skjerme dei svake gruppene. Det gjelder barn og unge, eldre og sjuke. Me vil difor skjerme skule, barnehage og omsorg- og helsesektoren.

– Korleis skal de koma i land med kutt på 69 millionar kronar?

– Det vil bli knalltøft. Og ein av grunnane til det er at me har ei regjering som ikkje forstår Kommune-Norge.

Cecilie Bjelland

Cecilie Bjelland er gruppeleiar i Stavanger Ap. Ho vil skjerme dei svake gruppene.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ho gir Høgre-styre i Stavanger deler av skulda for den dårlege økonomiske situasjonen i kommunen.

– Høgre har regjert i Stavanger i tjue år, og dei har ikkje sett av ei krone på bok til dårlege tider. Difor seier me nei til fleire prestisjeprosjekt. Som til dømes Siriskjær, me vil ikkje inn der i det heile teke.

Må bruke mindre pengar på tenester

Høgre-ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, seier at dei no vil gå i dialog med dei andre partia for å finne ei løysing som dei kan gå saman om.

– Det som er viktig for fleirtallspartiene er barn og unge, og det som går direkte på tilbod. Så me får sjå korleis me kjem i mål, seier Sagen Helgø.

Christine Sagen Helgø

Ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø seier

Foto: Sebastian Winum Storvik / NRK

Men med sviktande skatteinntekter er store kutt i dei kommunale tenestene uunngåeleg, seier ordføraren.

– Når me samanliknar kor mykje me bruker på våre tenester, så er det meir enn andre kommunar. Når me no har mindre inntekter så må me bruke mindre på tenestene våre.