Hopp til innhold

– Dei måtte gå ut på passasjersida

Tre tyske turistar fekk i går eit nervepirrande møte med det glatte vinterføret i Norge. Ein liten murvegg hindra Landroveren deira i å køyra utanfor fjellskråninga.

Farleg på glatta

VINDAFJORD: Det var mellom Sand og Vikedal i Vindafjord at denne Landroveren med tre tyske turistar nesten hamna utanfor vegen. Hadde dei gjort det hadde dei enda opp i ei steinrøys ti meter lenger nede.

Foto: Jørn Helge Vatland / Jørn Helge Vatland

Det har vore vanskelege køyreforhold i store delar av landet sidan i går kveld.

I Rogaland har det blitt registrert alvorlege og mindre alvorlege ulukker i samanheng med dei glatte vegane, og Vegtrafikksentralen har i dag tidleg oppmoda folk om å vera ekstra varsame i trafikken.

I går kunne det blitt alvorleg for tre tyske turistar, som var ute på vegen, skriv Haugesunds Avis.

– I fin form

På vegen mellom Sand og Vikedal i Vindafjord køyrde dei inn i eit parti med mykje slaps og elles dårleg føre.

Dermed mista sei grepet på vegen, og bilen var svært nær ved å køyra utanfor den stupbratte fjellskråninga. Skråninga endar etter ti meter i ei steinrøys.

– Dei hadde vinterdekk, men forholda var svært dårlege, seier Jørn Helge Vatland i Suldal bilberging. Han har nett vore å fjerna bilen, som har stått langs vegen i natt.

Dei tre tyskarane fekk seg ein støkk, men kom alle uskadde frå ulukka.

– Dei måtte naturleg nok gå ut på passasjersida, men dei var i fin form då me henta dei i går kveld, seier Vatland.