Hopp til innhold

– Brukte hest som dekkhistorie

Dei tre personane som er tiltalt for å ha tappa Statoil for fleire millionar kroner skal ha brukt hesteutgifter til å skjula ulovlege transaksjonar. Det hevda aktor Espen Haug frå Økokrim i retten måndag.

Espen Hauge fungerande statsadvokat i Økokrim

Det er sett av om lag tre veker til rettssaka der Økokrim har tiltalt tre personar for korrupsjon mot Statoil i Stavanger tingrett. Espen Haug er fungerande statsadvokat.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Interesse for hest blei eit sentralt tema då aktor Espen Haug hadde sitt innleiingsføredrag i Stavanger tingrett måndag.

Dei tre personane som står tiltalt for å ha tappa Statoil for pengar i ein periode på sju år skal nemleg alle ha eit nært forhold til hest og veddelaupsbanen Forus Travpark.

Dei skal fleire gonger ha vore saman på veddelaupsbanen, noko aktor vektla for å få fram at dei tre hadde tette band.

Dekte hestehald-utgifter

Den eine av dei tre var innleigd konsulent for Statoil og hadde autorisasjon til å godkjenna rekningar. Dette førte til at dei tiltalte blei samde om å inngå eit samarbeid for å tappa Statoil for store pengesummar, ifølgje aktor.

Konsulenten lot seg bestikka av dei andre to for å godkjenna falske rekningar frå selskapet deira som leverte tenester

– Ein god del av pengane som gjekk tilbake til konsulenten blei skjulte med hjelp av utgifter knytt til hestehald, seier Haug.

Kan få fleire år fengsel

Det vil sei at det oljerelaterte selskapet, der to av dei tiltalte jobba, blei fakturerte for mellom anna leige av stallplass for konsulenten sin hest. I tillegg til fleire andre utgifter konsulenten har hatt.

Delar av pengane konsulenten skal ha fått i bestikking skal ha blitt betalt ut som løn til kona.

Det var den 16. november i fjor Statoil melde frå til politiet at dei mistenkte korrupsjon knytt opp til konsulenten. Etter dette har Økokrim gjort ransakingar i både Stavanger og Bergen.

Statoil, som skal ha blitt svindla i om lag sju år, krev 5,3 millionar kroner i erstatning.

I tillegg risikerer dei tiltalte fleire års fengsel for kvitvasking av pengar og for grov korrupsjon.

Saka har også fleire personar som har status sikta og mistenkt.