NRK Meny
Normal

Få interiør-tips frå Stig Roar

Stig Roar Olsen har dei siste dagane blitt kjent for sin antikke stil. Her gir han tips til andre som ønsker å ta i bruk gamalt interiør, utan å øydelegga det.

Stig Roar Olsen har dei siste dagane blitt kjent for sin antikke stil. Her gir han tips til andre som ønsker å ta i bruk gamalt interiør utan å øydelegga det.

VIDEO: Her gir Stig Roar tips til andre som vil ha ein antikk stil, lik hans eigen.

1. Steintøy

Dersom du ikkje nyttar oppvaskmaskinen kan du fint nytta gamalt og ærverdig steintøy. Oppvaskmiddel og ei vaskefille er Stig Roar sitt tips til ein skånsam vask. Då kan du bruka steintøyet år etter år.

Serviset til Stig Roar Olsen

Folk bør ta i bruk gamalt steintøy ifølgje Stig Roar.

Foto: Thomas Halleland / NRK

2. Dukar

Mange har ein haug med gamle dukar liggande i skuffer og skap. Dette er ifølgje Stig Roar folkekunst som er i ferd med å forsvinna. Stryk dei med litt fukt og bruk dei forsiktig er oppmodinga til Stig Roar. Dersom dei har blitt gule etter fleire år i skåpet legg du dei i blaut i varmt vatn med Blenda såpepulver. Skyl opp dagen etter, og dei er gode som nye.

3. Klokker

Mange arvar gamle klokker, men vil ikkje henga dei opp fordi dei blir for massive og dominerande. Då kan ei løysing vera å mala dei kvite. Men før du målar må du ta klokka med til urmakar for å få ei vurdering på klokka. Dersom det er ei sjeldan klokke bør du ikkje male den. Då øydelegg ein både den økonomiske og den historiske verdien på klokka.

4. Gamaldags Facebook

Dersom Facebook går for raskt i svingane for deg. Finn fram eit gamalt visittkortfat, og ta det i bruk. I fata la folk att visittkorta sine, som huseigar sette vidare inn i ein perm. Permen kunne folk som var på vitjing sitja å bla i, for å sjå kven som var i omgangskretsen til familien.

Stig Roar Olsen syner fram gamal album

Slik såg Facebook ut før i tida.

Foto: Thomas Halleland / NRK

5. Senger

Dersom du har svært gamle senger som har gått i arv i familien, blir dei truleg ikkje brukt på grunn av lengda på dei. Stig Roar sitt tips er å ta senga med til snikkar for å få forlenga sidestykka. Då er det ingen unnskyldning for å ikkje bruka dei gamle flotte sengene.

6. Reisegrammofon

Mange trur at den gamle sveivegrammofonen skal knitra, men dette stemmer ikkje ifølgje Stig Roar. Det er berre eit teikn på at pakningane i grammofonen er slitne. Du bør derfor opna opp spelaren og laga til nye pakningar. Når dette er gjort er det berre til å snurra plater. Platene får du lett tak i på brukthandlarar overalt.

Sveivegrammofon

Sveivegrammofon med perfekt lyd.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Les òg: