NRK Meny
Normal

– Blei passa på av spesialsoldatar

Då oljeekspert i NRK, Harald Bøe, besøkte Statoil sine gassanlegg i Algerie for seks år sidan opplevde han at tryggleiken var svært streng. – Det skal likevel mykje til for å stoppa denne type terroristgrupper, seier han.

In Amenas plant

Harald Bøe er tidlegare oljeekspert i NRK. For seks år sidan besøkte han Statoil-anlegget der islamistar nå held om lag 40 personar som gissel.

Foto: Kjetil Alsvik og Mathias Oppedal / STATOIL/NRK

Anlegget der om lag 40 personar onsdag kveld blir heldt som gissel, var eit av fleire Statoil-anlegg i Sahara-ørkenen Harald Bøe besøkte som NRK-journalist for seks år sidan.

Tryggingsopplegget rundt turen er noko av det oljeeksperten hugsar best.

– Allereie då me kom ut frå flya i hovudstaden Alger i Algeri blei me tatt imot av vakter, fortel Bøe.

Transporten inn til sjølve anlegget i In Amenas skjedde med småfly.

– Sjølve anlegget var omringa av eit høgt solid gjerde, og også her var det fleire vakter. Vaktene kom frå Sterling, som mellom anna nyttar franske spesialsoldatar.

– Kjende du deg trygg?

– Ja, det gjorde eg.

Nå er heile ni nordmenn involverte i ein gisselsituasjon på det same anlegget, ein situasjon som Statoil kallar ei av dei verste hendingane selskapet nokon sinne har opplevd.

– Dessverre er tydelegvis ikkje dette tryggleik som er god nok når terroristgrupper vil inn, det skal mykje til for å stoppa denne type terroristgrupper, seier han.

Meir om Algerie-saka