– Betre med ein fjern far etter skilsmisse

Dette er konklusjonen i ein oppsiktsvekkjande studie på norske skilsmissebarn. Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe, forventar at undersøkinga blir granska.

Barnefordeling

Ein amerikansk studie finansiert av Norges forskningsråd kjem fram til at nærleiken til fedrar etter ein skilsmisse kan vera negativt for barna.

Foto: colourbox.com

Kjersti Toppe

Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe, seier at studien bryt med dei vanlege oppfatningane våre.

Foto: Paul Sigve Amundsen
Mari Rege

Mari Rege er professor ved Det samfunnsvitenskaplige fakultetet på Universitetet i Stavanger og har deltatt i studien. Ho seier at konfliktnivået mellom mor og far der dei bur nær kvarandre ofte er høgare.

Foto: Torunn W. Tørneng / NRK

Amerikanske forskarar har følgt omlag 16.000 nordmenn som blei fødde av gifte foreldre i perioden 1975 til 1979, og som seinare opplevde at foreldra skilde seg, skriv Dagens Medisin.

Konklusjonen dei har kome fram til for kan for mange verka kontroversiell.

Dei fann at skilsmissebarna som hadde budd i nærleiken av fedrane sine oftare fekk problem i slutten av 20-åra med utdanning og arbeidsinntekt.

Høgare konfliktnivå mellom foreldra

Andre studiar viser at kontakt mellom far og barn er gunstig for barnet si utvikling.

– At me ikkje fann noko av det me hadde forventa var svært overraskande for oss. Men ved vidare analyser ga funna meir meining, seier professor Ariel Kalil til Dagens Medisin.

Årsaka til at eit amerikansk forskarlag frå Universitetet i Chicago, med professor Ariel Kalil i leiinga, tok utgangspunkt i norske data var at dei skal ha meint at kvaliteten på desse er bra.

Med seg på laget fekk dei norske kollegaer i Magne Mogstad ved Statistisk Sentralbyrå og Mari Rege ved Universitetet i Stavanger. Dei forklarar den negative samanhengen slik:

– Forskninga viser at konflikten i barnets heim etter ein skilsmisse er ein svært viktig faktor for korleis barna har det. Barn med foreldre som bur i nærleiken av kvarandre har mest truleg to ulike heimar.

Dette kan også gjera konfliktnivået høgare.

Høgt utdanna fedrar - negativ innverknad

Spesielt negativ innverknad hadde skilde fedrar med høg utdanning som jamnleg omgås barna sine.

– Me blei overraska over dette av fleire grunnar. For det første har andre studiar vist at barn av høgt utdanna fedrar i intakte familiar generelt gjer det betre i livet, seier Kalil.

Ho understrekar at ho ikkje meiner at skilsmissebarn berre skal vera i lag med mødrene sine, men at ho vil leggja fram det studien har vist dei.

– Me trur at det beste for skilsmissebarn kan vere at foreldra deltar i ulike tiltak, for eksempel profesjonell terapi, for å løysa konfliktar som oppstår etter ein skilsmisse.

Ho trur også at eit system som oppfordrar mødre til å bli buande nær fedrane etter ein skilsmisse kan vere lite hensiktsmessig. Dette på grunn av påverknaden dette kan ha på barnet.

Forventar gransking av studien

Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), forventar at undersøkinga som har fått støtte frå Norges Forskningsråd nå blir granska.

– Desse funna kjem svært overraskande på meg. Dette bryt med dei oppfatningane me har om at samvær med skilde fedrar uansett er bra, seier Toppe i en kommentar.

Ho understrekar at det truleg er auka konfliktnivå som gjer at skilsmissebarn med mykje farssamvær får ein dårlegare start på livet.

– Den største erkjenninga er at konfliktnivået betyr mest. Dette er noko me vaksne må ta med oss, enten me er foreldre eller politikarar, meiner Sp-politikaren.