Det var i 03-tida natt til laurdag politiet melde om trafikkulukka på fylkesvegen.
Ein bil hadde køyrd ut i ei kurve og i eit tre. Bilen hadde deretter gått ut igjen i vegbana, og sperra eitt av felta.
Politiet mistenker høg fart og det blei tatt beslag av førarkortet. Tre personar blei frakta til sjukehus for sjekk.
Politiet sin innsatsleiar på staden seier det berre er flaks at dette ikkje enda mykje meir alvorleg, melder politiet på Twitter.
Vegen er opna igjen.
Politiet melde først at det var to bilar involvert i ulukka, men det viste seg å ikkje stemma.