Hopp til innhold

– Barna blir ikkje hovudpersonar på 17. mai i år

STAVANGER (NRK): Dei vaksne må ta ansvar dersom 17. mai skal bli «barna sin dag» i år, meiner forskar. – Feiringa er ikkje avlyst, seier leiar av 17. mai-komite.

17. mai i Porsgrunn

«KORONA-17. MAI»: Nordmenn blir invitert til å dokumentera årets spesielle 17. mai-feiring gjennom portalen minner.no.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

– 17. mai blir ikkje som ein heilt vanleg dag, men barna blir ikkje hovudpersonar denne gongen, seier kulturhistorisk forskar ved Norsk Folkemuseum, Audun Kjus.

Årets barne- og folketog er avlyste på nasjonaldagen på grunn av korona-pandemien.

Det same gjeld for dei tradisjonsrike arrangementa med aktivitetar og konkurransar i bygd og by.

Men sjølv om korpsa får lov til å spela og mange lokalsamfunn har kreative påfunn, er forskar Kjus spent på korleis 17. mai blir for dei aller minste i år.

– Det blir ikkje barna sin dag dersom dei vaksne ikkje sørger for det. 17. mai-komiteane kan ikkje gjera så mykje med situasjonen, så det blir opp til private initiativ.

– Ingen festdag med korps på TV

Arne Viste

Bilrebusarrangør i Stavanger, Arne Viste, oppmodar skular og barnehagar å dela ut søppelsekkar og skeier til sekke- og eggeløp på 17. mai.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Stavanger er blant kommunane som har nedskalert årets program på nasjonaldagen. Bydelsarrangement og arrangement på skulane er avlyste.

– Risikoen er veldig stor for at barna i år blir sitjande passive heime, seier Arne Viste.

Han er primus motor bak ein lokal bilrebus i oljebyen på grunnlovsdagen. Ein aktivitet han håpar kan engasjera både store og små.

– 17. mai skal jo vera barna sin dag. Me foreldre og vaksne må gjera noko saman med ungane, og ikkje berre la dei sjå korps eller kransenedlegging på TV. Då blir det ingen festdag for ungane, seier Viste.

Barna gler seg

– Eg trur det blir gøy, sjølv om det ikkje blir som før. For eg skal kose meg med familien. Vi skal spise masse pølser og is i alle fall, seier Dora Graham Aidoo som leiker i skulegarden saman med fleire medelevar i 4. klasse på Storhaug skole i Stavanger.

– Kva synest du om at det ikkje blir 17. maitog?

Vennegjeng i skolegården på Storhaug skole.

Vennegjengen i same kohort i skolegarden på Storhaug skole i Stavanger gleder seg til 17. mai, sjølv om det blir annleis. Frå venstre Alva Noelle Dybfest, Lilli Alfsen Tjelta, Dora Graham Aidoo, Ken Taangdi Wonham og Bianca Elisabeth Ming Hermelin

Foto: Anett Johansen Espeland

– Det er litt kjipt. For det pleier å vere morosamt. Enten gløymer vi sangen eller så blir vi for trøyte.

Dei er einige om at det hadde vore kjekt med andre aktivitetar.

– Kanskje litt aktivitetar så vi får ha det gøy. Vi skal i alle fall ha eit lite tog her på skulen i morgon, seier Alva Noelle Dybfest.

– Skal du pynte deg?

– Ja. Eg skal ha ein ekte bunad i år. Eg skal få låne han frå ein i familien og han kjem i posten i dag eller i morgon.

Vil dokumentera «korona-17. mai»

Nettopp korleis nordmenn feirar årets «korona-17. mai» vil norske museum vita meir om.

Dei inviterer folk til å dokumentera feiringa og dela forteljingar, foto eller film på portalen minner.no (ekstern lenke). Målet er at bidraga skal gi eit verdifullt tidsbilete frå unntaksåret.

– Me vil få eit innblikk i korleis enkeltpersonar feirar dagen. Då vil me kanskje få nokre svar på korleis me løyste utfordringa med å gjera dette til barna sin dag i år, seier forskar Kjus ved Norsk Folkemuseum.

Dei ulike musea vil gi innsamlinga lokal tilknyting og formidla informasjon via nettsider og sosiale medium.

– Feiringa ikkje avlyst

Ann Sesilie Tekfeldt

Leiar av 17. mai komiteen i Stavanger, Ann Sesilie Tekfeldt, seier 17. mai-feiringa ikkje er avlyst, sjølv om den bli annleis i år.

Foto: Privat

Men leiaren av 17. mai-komiteen i Stavanger understrekar at sjølv om årets nasjonaldag blir annleis, er ikkje feiringa avlyst.

– Me vil jo at folk skal ut å feira. Hundrevis av barn skal gå som korpsmusikantar i bydelane om morgonen. Eg reknar med barna er like tidleg «på an» på 17. mai i år som tidlegare, og deltar på dei få tinga som er i nabolaget, seier komiteleiar Ann Sesilie Tekfeldt.

Ho oppdrar foreldre til å arrangera konkurransar som hekkeløp i hagen.

– Det har blitt litt endringar i smittevernreglane, og det er for eksempel opna opp for lunsj med besteforeldre. Eg trur det blir ein hyggeleg dag, seier leiaren av 17. mai-komiteen i Stavanger.