– Ap er ingen sundagsskule

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet i Stavanger, Cecilie Bjelland, håper at ho aldri må oppleva eit år like hardt som 2011. I går blei ho meld til politiet for æreskrenking av partikollega Jone Andersen.

Cecilie Bjelland i NRK Rogaland sitt radiostudio

TUNGT ÅR: Det har storma rundt Arbeidarpartiet i Stavanger og Cecilie Bjelland den siste tida. Nå har ho blitt meld til politiet for æreskrenkjing av partikolega Jone Andersen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Framleis har eg berre høyrt om denne politimeldinga frå avisene, derfor vil eg ikkje kommentera denne saka før eg får ei orientering om kva det går i, seier Cecilie Bjelland til NRK.

Fekk meldinga hos politiet

I går sat Bjelland i avhøyr hos politiet om Utøya-massakren, der ho hadde to sonar. Det var inne på politihuset ho fekk vita gjennom Stavanger Aftenblad at ein kollega hadde meldt ho på grunn av æreskrenking.

Dette seier berre noko om ein del av det Bjelland har opplevd som fersk gruppeleiar i Ap i Stavanger. I tillegg til Utøya og steile frontar innanfor partiet har ho mista faren sin i året som snart er omme.

– Det er nok litt i overkant må eg seia, og eg har nok hatt eit år som eg håper eg aldri må oppleva igjen. Ein del av dette går på det personlege planet, seier ho.

Ho seier likevel at ho kjenner seg privilegert som får lov til å jobba med det ho brenn for, nemleg politikk. Samtidig som ho har familien rundt seg trass det som skjedde i sommar.

Meiner Bjelland har spreidd falske rykte

Men sjølv om Cecilie Bjelland brenn for politikken har det også her vore store utfordringar, som nå har toppa seg med at ho har blitt meld til politiet.

Jone Andersen i Ap melder Bjelland for paragraf 247, om æreskrenking. Han meiner at Bjelland skal ha fortalt til andre folk at han har truga henne.

Han opplyser om at han tok kontakt med Bjelland i forkant, men at ho ikkje ville diskutera saka. Dette stadfester i dag Bjelland.

– Eg må bli betre

Dette kjem i som toppen på kransekaka i ein konflikt innanfor partiet som Bjelland sin person og leiarstil har fått ein del av skulda for:

– Det er vanskeleg for meg å svara på kvifor eg har blitt ein så omstridd person, men ein av grunnane er nok at eg er ganske direkte og klar i talen min. For nokon menneske kan dette vera vanskeleg, sidan dei ikkje alltid veit korleis dei skal svara, seier ho.

Ho seier at dette er noko ho må jobba med.

– Eg må få betre fram at det er ein dialog og ikkje ein konfrontasjon eg kjem med, seier ho.

Bjelland slår fast at Ap ikkje er ein sundagsskule, men seier at ho prøver å fokusera på det positive, og tar heller det negative som det kjem.

Ho har framleis ikkje blitt kontakta av politiet i samanheng med æreskrenkjinga.