Hopp til innhold

– Aldri har høgtrykket vore høgare

Om du har eit barometer på veggen så er nok faren stor for at nåla aldri før har vist ein høgare verdi enn det den har gjort i dag.

Solnedgang på Borestranda

SOLNEDGANG: Det har vore mange dagar med fint vêr i Sør-Norge dei siste dagane. Her er gårsdagens solnedgang frå Jærstrendene.

Foto: Bergliot Herigstad

– Vekta av lufta som me har over oss er uvanleg høg. Det er mykje luft og derfor høgt trykk, seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule.

Ho snakkar om høgtrykket som herjar i Sør-Norge og som har servert godvêret siste dagane. Eit trykk som i dag nådde nye høgder.

Ny rekord

Førre rekord, som Vêrvarslinga på Vestlandet har registrert frå Bergen, var frå 1956. I dag blei den sletta.

– Klokka åtte i dag målte me eit trykk på 1046 hektopascal. I oktober 1956 var trykket på 1043,2 hektopascal, seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule.

Bortsett frå at barometernåla viser eit høgt tal, så gir også høgt lufttrykk andre utslag.

– I høgtrykk bles det lite og det er generelt sett lite skyer på dagtid. Det kan også resultera i at vasstanden blir lågare, seier Thaule.

I tillegg så er lufttrykket spesielt viktig for flygarar, sidan dei kalibrerer høgdemålarane sine med hjelp av lufttrykket.

Flyttar seg nordover

Akkurat nå ligg høgtrykkssenteret nord på Austlandet. Det flyttar seg lenger nordover om få dagar. Mot slutten av helga betyr det litt ruskevêr heilt sør i landet, men på Vestlandet og Trøndelag held fineveret held fram. Også i nord kan dei nyte fineveret.

Om du har eit barometer på veggen så er nok faren stor for at nåla aldri før har vist ein høgare verdi enn det den har gjort i dag.

Høge verdiar på barometeret i dag.