Frank Aarebrot er valforskar og professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIXDenne veka melde ordførar i Haugesund, Petter Steen jr., at han ikkje vil stilla til attval neste år. Høgrepolitikaren har sitte som ordførar i vestlandsbyen sidan 2001, og mange spør seg nå kven som skal ta over etter ein slik markant leiar.
Men dette er eit spørsmål folk skulle ha sloppe å lura på ifølgje valforskar og professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot. Han meiner at Petter Steen allereie burde hatt tronfølgaren sin klar, då han annonserte sin avgang.
- Les òg:
- Les òg:
I dagens Haugesunds Avis kjem Aarebrot med kritikk av ordføraren, som går av grunna sjukdom.
– Det hadde vore ein betre idé om han hadde fortalt ein av dei andre at dei skulle overta. Det er ikkje så dumt at ein politikar som har sitte så lenge, bruker dei siste åra fire åra til å bygga opp etterfølgaren sin, seier valforskaren til avisa.
– Har ikkje innsikt
Altså meiner han at Haugesund Høgre nå står utan ein tronfølgjar. To av politikarane, som kunne vore aktuelle for å ta over er Arve Kambe og Sveinung Stensland, men begge desse sit på Stortinget.
NRK.no har snakka med Sveinung Stensland, som ikkje likte kritikken Aarebrot kom med mot sin tidlegare læremeister.
– Petter Steen har lært meg å vera tolmodig og tenka langt. Aarebrot veit ingenting om det faktisk finst ein plan her, han har ikkje innsikt i prosessane i Haugesund Høgre. Det ville vore rart om han skulle annonsera den nye ordførarkandidaten då han sjølv gjekk av, seier Stensland.
Han meiner derfor at Aarebrot bommar grovt.
– Ein kan likevel sei at Haugesund Høgre har hatt kandidatar som Arve Kambe og meg, noko som er ein del av Petter sin suksess at me har dyrka fram andre politikarar som har nådd fram andre plassar.
Petter Steen fortalte på ein pressekonferanse at han er sjuk og at han er ferdig som ordførar etter denne perioden.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpixOpen og brei prosess
Stensland sit sjølv i nominasjonskomiteen, og seier at dei framleis ikkje har kome fram til kven som skal bli den neste ordførarkandidaten til Haugesund.
– Nå har me ein open og brei prosess der me ser på kandidatar. Me har god tid på oss, seier han.
Han har god tru på Høgre si framtid i byen, sjølv om dei mister Steen.
– Det er mange gode prosessar på gang og me får ei god løysing på dette. Me har ein brei medlemsmasse med mange engasjerte medlem. Det er alltid slik at nokon få stikk seg fram, og ein får sjeldan fram heile breidda i media. Me har mange spelarar som har det som skal til og viljen til å ta ein slik posisjon, avsluttar Stensland.