Hopp til innhold

– Å bli rik er ikkje drivkrafta

Selskapet bak blåbærkapslane Medox er seld til Tyskland. Konsernet Evonik skal ifølgje Dagens Næringsliv ha betalt meir enn ein halv milliard kroner for Sandnes-selskapet Medpalett.

Sjur Svaboe i Medox

Sjur Svaboe meiner produktet deira kan bli endå betre, nå som dei får eit stort tysk konsern i ryggen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Eg syns det er fantastisk at eit slikt stort selskap har leita verda rundt for å finna eit fornuftig produkt for si milliardsatsing, og så er det på Sandnes dei finn det, seier Sjur Svaboe.

Han er ein av tre gründerar som står bak helsekostproduktet Medox, og har fram til no vore medeigar i selskapet Medpalett. Men i dag skreiv Dagens Næringsliv at det Sandnes-baserte selskapet har blitt kjøpt opp av det store tyske konsernet Evonik.

Det blir spekulert i at salssummen er godt over ein halv milliard kroner, utan at nokon vil bekrefta det.

– Har du blitt rik?

– Ja, men det er nok ikkje det som er drivkrafta, seier Svaboe.

Medox

MeDpalett har har stor suksess med blåbærkapslene Medox.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Fire milliardar i forskingsbudsjett

For det er ikkje pengane som er viktigast når Svaboe no lar tyskarane få overta eigarskapet.

– Det er som ein tenåring som skal ut av reiret. Det er veldig viktig at dette selskapet får utvikla seg vidare, seier Svaboe.

Og Svaboe meiner Evonik er eit konsern som kan bidra til at produktet blir endå større internasjonalt, og kanskje til og med betre.

– Nå får me tilført eit selskap som har eit forskingsbudsjett på fire milliardar kroner, og som kan tilføra oss ein fantastisk teknologi som kan heva dette produktet ytterlegare, seier Svaboe.

Større produksjon i Sandnes

Men sjølv om Medpalett får nye eigarar, vil både Svaboe, hans to gründerkompanjongar og dei andre tilsette bli verande i selskapet. Produksjonen av Medox vil også halde fram på fabrikken i Sandnes.

– Me skal ikkje berre produsera som før, me skal utvida produksjonen. Fram til no har me produsert nesten berre for den norske marknaden, men i tida framover vil me tillegg produsera for heila den internasjonale marknaden, seier Svaboe.