Hopp til innhold

Trur ein mann står bak over tretti tjuveri

Politiet meiner ein 45 år gamal mann frå Stavanger står bak over tretti tjuveri i Stavanger-distriktet dei siste tre vekene.

Politihuset i Stavanger

Politiet i Stavanger har funnet store mengdar tjuvgods heime hos 45-åring, det gjer at dei trur at han står bak fleire av innbrota i sommar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Så langt kan me knytta han til over tretti saker, seier fungerande seksjonsleiar for politiet i Stavanger, Eirik Jansen Bakkedal.

Den 45 år gamle mannen frå Stavanger er allereie varetektsfengsla i fire veke, for eit grovt tjuveri frå ein leilegheit.

Men no viser det seg at han også står bak fleire andre tjuveri.

Eirik Jansen Bakkedal

Fungerande seksjonsleiar for politiet i Stavanger, Eirik Jansen Bakkedal.

Foto: Svein Jacob Mathisen

– Det er tjuveri frå bustader, bilar, boder, garasjar og post frå postkassar, seier Jansen Bakkedal.

Tjuveria skal ha skjedd på ti ulike stadar.

Har levert tilbake tjuvgods

Mannen vart arrestert natt til måndag i ein leilegheit på Storhaug, etter å ha blitt gjenkjent då han braut seg inn i ein leilegheit.

Då politiet ransaka lelilegheita hans, fann politiet store mengder tjuvgods, også tjuvgods som stamma frå andre stadar enn leilegheita han er sikta for å brote seg inn i.

Det fekk politiet til å undersøka om han også kunne stå bak andre tjuveri. Noko det altså viser seg at han gjorde.

Ein god del av tjuvgodset er allereie levert tilbake til eigarane.

– Mykje av tjuvgodset som me har me funne har me fått levert tilbake til dei fornærma i sakene. Me sitt igjen me noko som me ikkje har funne ut kven det tilhøyrer. Mellom anna har me 12 syklar, og ein god del verktøy, seier Jansen Bakkedal.

Fleire tjuveri i sommar

Denne sommaren har det vore svært mange innbrot og tjuveri i Rogaland. Berre i Stavanger blei det meldt om 24 tjuveri frå bustadar i perioden mellom 1. juli og 9. august.