Hopp til innhold

Vil ha 12 år fengsel for Dale-drapet

Aktor meiner den drapstiltalte 21-åringen bør få 12 år i fengsel etter drapet på Dale asylmottak i februar i år.

Tormod Haugnes

PÅSTAND: Aktor Tormod Haugnes har lagt ned påstand i Jæren tingrett. Han meiner 123 år fengsel er ei høveleg straff for Dale-drapet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Påstandane frå den drapstiltalte om at dette var nødverje står fram som oppkonstruert, sa aktor Tormod Haugnes, i si avslutningsprosedyre i Jæren tingrett i dag, skriv Stavanger Aftenblad på nett.

Vidare skriv dei at aktor kom med påstand om 12 år fengsel, for den 21 år gamle tsjetsjenaren, som er drapstiltalt i Dale-saka.

Oppgjer mellom kurdarar og tsjetsjenarar

I framlegginga si snakkar han om hendingane som førte til drapet på 17 år gamle Arman Palani, som eit oppgjer mellom tsjetsjenarar og kurdarar.

– Det er openbart, etter mitt skjønn, at det er tsjetsjenarane som blir dei aggressive. Det var kurdarane som blei utsett for eit rettsstridig angrep frå ei gruppe tsjetsjenarar som var i overtal, sa Haugnes ifølgje avisa.

Sjølv hevdar altså den tiltalte og forsvararen hans, Svein Kjetil Lode Svendsen, at det blei handla i nødverje.

For dei medtiltalte i saka la aktor ned påstand om fengselsstraffer mellom ti månader og eitt år.

Fotballbanen på Dale

SYNFARING: Førre veke var heile retten ute på synfaring ved fotballbanen på Dale asylmottak, der drapet skjedde.

Foto: Mathias Oppedal / NRK