Hopp til innhold

– Blir kvalm av KrF sin asylpolitikk

Revyartist og KrF-profil Torolf Nordbø seier han blir kvalm av asyl- og innvandringspolitikken til sitt eige parti. No er han kalla inn på teppet av den lokale partileiinga.

Torolf Nordbø

Torolf Nordbø går hardt ut mot sitt eige parti.

Foto: Eirik Gjesdal/NRK

– Dei siste to åra har det vore veldig mykje innvandring. Dei konkurrerer med SV om å vera dei snillaste snillistane i innvandringspolitikken, og der kjenner eg meg ikkje heime i det heileteke, seier Torolf Nordbø i KrF.

Han er vararepresentant for KrF i bystyret i Stavanger, og er sterkt kritisk til KrF sin liberale innvandrings- og asylpolitikk. Dei siste månadane har han gitt klar beskjed på sin eigen facebook-profil om kva han synst.

– Det med å få flest mogeleg inn i Norge, og å mobbe Anders Anundsen og dei som er skeptiske til denne innvandringa, det er det KrF har gjort dei siste åra, seier Nordbø.

Får støtte frå andre KrF-arar

Og han meiner det er fleire KrF-arar som tenkjer som han.

– Det er veldig mange KrF-veljarar som kjem til meg og seier at det er fantastisk at dei endeleg har fått ei stemme, ein som seier det dei meiner. For sjølv vågar dei ikkje å stå fram, seier Nordbø.

Han meiner at KrF er blitt eit innvandringsparti, og trur oppslutninga om partiet vil hamne under sperregrensa dersom: "partileiinga held fram med snillismen og kardemommebyfantasiene sine".

– Eg har ikkje sett ordet kriminalitet blitt brukt ein einaste gong av politikarar i KrF.

Vil ha debatten internt i partiet

– Det er lov å ha andre meiningar, men det eg skulle ynskje var at dei som har andre meiningar, og som er ein del av bystyregruppa vår, kom på gruppemøta og tok diskusjonane der, det seier varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe, som også leiar bystyregruppa til Kristeleg Folkeparti.

Bjørg Tysdal Moe

Leiar for KrF i bystyregruppa i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe, meiner diskusjonen burde ha blitt teke internt, og ikkje på Facebook.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Ho meiner asylpoltikken dei no tek til orde for er i trå med grunnverdiane partiet står for.

– Eg opplev at KrF står for det som me alltid har stått for. At me skal ta imot menneske på flukt, me skal vera med å ta mennesker inn i landet som FN ber oss om. Men så kan me ha ein diskusjon om korleis me driv innvandringspolitikken, til dømes integreringspolitikk, men den diskusjonen må me ta innad i partiet, seier Tysdal Moe.

Kvalm av landsmøtevedtak

Torolv Nordbø fortel at han blei djupt skuffa då landsmøte til KrF i mai stemte for å ta i mot 10.000 flyktningar.

– Eg blei direkte kvalm av det opplegget der, seier Nordbø.

– For eit parti som går til val på menneskeverd i sentrum, og som vil ta eit globalt ansvar, så skulle det berre mangle at dette ikkje var noko som engasjerte, seier Tysdal Moe.