Ei kvinne på 87 år var blant dei arresterte, då politiet i Stavanger, fredag kveld, gjennomførte ein narkotikarazzia. Ho vart arrestert for å ha forsøkt å dekka over kva den godt vaksne sonen sin hadde gøymt i huset, men slapp ut etter kort tid, opplyser vaktleder Signe Strømseth ved Rogaland politidistrikt.
87 åringen var ei av i alt 15 personar som vart arresterte. Totalt fann politiet 350 gram amfetamin, 250 gram hasj og ti tablettar ecstasy. Aksjonen skjedde i Stavanger, Randaberg og Sola. Det vart skrive ut bøter på tilsaman 17 000 kroner.