Hopp til innhold

82-åring drepen i ulukke

Ei 82 år gammal kvinne døydde kort tid etter at ho vart kjørt til sjukehuset.  Ho vart drepen i ei bilulukke. 

Dødsulykke i Skeisvollvegen i Haugesund, 22.06.07

Dødsulykke i Skeisvollvegen i Haugesund, 22.06.07

Foto: Tor André Johannessen

Ulukka skjedde i Skeisvollvegen, nord i Haugesund.  Ho blei påkjørt av ein personbil.

Den 82 år gamle kvinna blei frakta til Haugesund sjukehus omlag klokka 14.  Der døydde ho fem minutt seinare.

Kvinna hadde kraftige skadar i hovudet, bryst og mageregionen, får NRK Rogaland opplyst frå sjukehuset.

Ikkje i fotgjengarfeltet 

Det var ein eldre mann som kjørte bilen.  Han er rutinemessig fråtatt førarkortet, men poltiet understrekar at det ikkje er mistanke om promille.

Ulukka skjedde ikkje i fotgjengarfeltet.

Dødsulykke på Skeisvollvegen i Haugesund, 22.06.07

Dødsulykke på Skeisvollvegen i Haugesund, 22.06.07

Foto: Tor André Johannessen