Ruggesteinen ligg i Sokndal, og er ein stein på om lag 75 tonn, som du kan rikka på med handemakt.
– Hadde den ligge i eit meir folksamt område i Nord-Amerika hadde det blitt bygd turisthotell på den, blir det hinta frampå i videoen frå 1988.
Men steinen ligg ikkje i Nord-Amerika, og er derfor ei meir eller mindre skjult perle. Kanskje du bør leggja turen innom på årets sommarferie.
Send inn tips
«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.
Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.