74-åring funnen i god behald

Den 74 år gamle mannen, som blei meldt sakna då han ikkje kom heim frå tur i Hunnedalen, er nå funnen. Han hadde falt og fått nokre kutt, men er i god behald. Mannen blei funnen av frivillig leitemannskap, og blir nå frakta til Sola med helikopteret.