NRK Meny
Normal

For gammal til å stelle dei eldre

72-år gamle Kjellaug Jøssang er for gammal til å stelle dei eldre på Slåtthaug sjukeheim, meiner Stavanger kommune. – Heilt uforståeleg, meiner Framstegspartiet, som vil la folk som kan og vil, fortsetje i arbeidslivet til dei er 75.

Kjellaug Jøssang med hund og frisk fargebakgrunn

Kjellaug Jøssang meiner ho kan jobba som hjelpepleiar og ringevikar, også etter at ho har passert 73 år.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Val

Kjellaug Jøssang har jobba som hjelpepleiar og som ringevikar i fem år på Slåtthaug sjukeheim i Stavanger. Det byrja ho med etter at ho pensjonerte seg frå jobben på Universitetssjukehuset i Stavanger.

Kjellaug Jøssang, hjelpepleier Slåtthaug sykehjem Stavanger, i trappa.

Kjellaug Jøssang har siste arbeidsdag denne hausten.

Nå har ho fått beskjed om at siste dag på ringevikarjobben er den 30. september. Ho har blitt for gammal til å jobba på dement-avdelinga på sjukeheimen, slik Stavanger kommune ser det.

– Eg synest det er veldig trist. 72 år, ja, men så lenge eg er sprek og oppegåande og har noko å gi, så synest ikkje det er rett at dei vil hiva meg ut, seier Jøssang.

Slik skal det ikkje vera

Frp, saman med Høgre og Venstre vil gjerne at eldre arbeidstakarar skal kunne halde fram i arbeidslivet lenge. Derfor har regjeringa endra Arbeidsmiljølova, slik at grensa der er på 72 år.

Bård Hoksrud FrP i eit panel som diskuterer pensjonsalder i Stavanger

Bård Hoksrud i Frp støttar Kjellaug Jøssang og meiner at folk skal få jobba også etter at dei er 72 i Stavanger kommune.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Eg trur mange 70-eller 72 åringar har ein kjempekompetanse som me treng i arbeidslivet, seier Bård Hoksrud, frå Frp.

Han trekk både fram at dei yngre kan læra av dei eldre, og at det å fortsetja i arbeidslivet er med på å halda eldre menneske friskare.

Slik er reglane

Men dette gjer ikkje inntrykk på personalsjefen i Stavanger kommune, Tom Fossdal. Han viser til hovudtariffavtalen, der LO og NHO har blitt samde om at 70 år skal vera høgste tillatne alder for folk i arbeidslivet, sjølv om Arbeidsmiljølova har heva aldersgrensa til 72 år.

Personalsjef i Stavanger kommune, Tom Fossdal. Portrettbilde i kontorlandskap

Tom Fossdal, personalsjef i Stavanger kommune, meiner at 70 år er rett aldersgrense for tilsette i kommunen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det kan vera eit problem at eldre tilsette ikkje sjølv forstår at dei bør gi seg, og det er også viktig at eldre sluttar slik at yngre personar kan koma inn på arbeidsmarknaden, seier Fossdal.

Dette er nøkkelpunkta

– Det er nok ingen automatikk i at eldre arbeidstakarar blir erstatta av yngre, seier Trude Furunes, førsteamanuensis ved Norsk hotellhøgskole, Universitetet i Stavanger.

Ho viser til at stillinga kan bli rasjonalisert vekk, og då blir det ikkje plass til nokon nye.

Trude Furunes, 1. amanuensis, ledelse, UiS

Trude Furunes, 1.-amanuensis Norsk hotellhøgskole, Universitetet i Stavanger, seier at motivasjon er viktig for å fungere i arbeidslivet i høg alder.

Foto: UiS

Furunes har forska på dei eldre si rolle i arbeidslivet. Det viser seg å vera nokre eigenskapar som må til for at eldre skal fungere godt.

– Motivasjon og evne til å utvikle kunnskapen sin opp gjennom åra, går igjen blant vellukka eldre arbeidstakarar, meiner ho.

Dei blir ikkje kvitt meg

Kjellaug Jøssang kjem ikkje til å protestere høglydt den dagen jobben forsvinn, men ho har likevel lyst til å gjera ein innsats for dei demente på avdelinga der ho jobbar nå.

Cathrine Wold og Kjellaug Jøssang, som jobbar som hjelpepleiarar ved Slåtthaug sjukeheim

Cathrine Wold jobbar som helsefagarbeidar ved Slåtthaug sjukeheim. Ho ønskjer at Kjellaug Jøssang fortset i jobben.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Den dagen eg ikkje får vera der lengre, så skal eg fortsetja som friviljug, seier ho.