NRK Meny
Normal

61-åring smitta av legionella

Ein mann frå Sola er lagt inn på Stavanger universitetssjukehus etter å ha blitt smitta av legionella. Kommunen driv nå smitteoppsporing på stader mannen har vore.

Stavanger universitetssjukehus

61-åringen er inne til behandling på Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Ein 61 år gamal mann, busett i Sola, men med arbeidsplass i Stavanger, har blitt smitta av den potensielt svært farlege legionellabakterien.

Han er lagt inn på Stavanger universitetssjukehus, og kommunen er i full gang med å spora opp smittekjelda.

Tar ingen sjansar

– Me sjekkar både bustaden til mannen, arbeidsplassen hans og andre stader han har vore, seier smittevernoverlege i Stavanger og Sola kommunar Janne Dahle-Melhus.

Prøvane blir tekne frå ulike vasskjelder, men svara vil truleg ikkje vera klare før etter nyttår.

I 2001 døde sju personar som følgje av legionellabakterie i kjøleanlegget til Radisson SAS Atlantic Hotel i Stavanger. Kommunen tar derfor ingen sjansar når det kjem til fare for smitteutbrot.

– Me har også varsla legevakta og bedd dei om og heller ta ein prøve for mykje enn ein for lite, seier Dahle-Melhus.

Symptoma for legionellasmitte er luftvegsproblem. Den potensielt dødelege sjukdommen ein kan få av smitta heiter legionærsjuka, og er ein form for lungebetennelse.

Under behandling

Ifølgje informasjonssjef ved SUS, Gottfred Tunge, er 61 åringen sin tilstand stabil, og han er under behandling.

– Dette går som regel veldig bra når me oppdagar det så tidleg som nå, seier Dahle-Melhus.

Dersom smitta kjem frå til dømes eit offentleg dusjanlegg kan fleire ha fått bakterien, men dette er det ingenting som tyder på nå.

– Men me mistenker ikkje ei smittekjelde med stort potensial for å spreia smitte til mange, seier Dahle-Melhus.