58 smitta etter russe-utbrot

Totalt 58 er no registrert smitta i kommunane på Nord-Jæren og Jæren etter russefeiringa sist veke. Det seier kommuneoverlege i Sandnes Hans Petter Torvik. Aller flest er smitta i Sandnes med 35. Han kallar auken eksplosiv og det er venta fleire.