Hopp til innhold

57 juletre stole frå idrettslag

Idrettslaget Brodd i Stavanger fortviler over at nokon har stole 57 juletre frå dei, skriv Rogalands Avis. Pengane frå juletrea skulle gå til idrettslaget, mellom anna fotballsko til vanskelegstilte barn på Storhaug. Verdien på trea er 35.000 kroner.