Hopp til innhold

56 rådhusforslag i Sandnes

I dag vart arkitektforslaga til nytt rådhus i Vågen i Sandnes presentert. 56 forslag er levert inn, og i mars presenterer juryen vinnaren.

I dag fekk folk sjå dei 56 forslaga til nytt rådhus i Sandnes.

SJÅ REPORTASJEN: I dag vart dei 56 forslaga vist fram til innbyggjarane i Sandnes.

Sandnesgauken stod i kø for å sjå forslaga til korleis det nye rådhuset i byen kan koma til sjå ut. 56 forslag var kome inn, blant dei var det noko for alle og ein kvar.

Pål Morten Borgli

VIL HA EIT FUNKSJONELT BYGG: Fungerande ordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp).

Foto: Ståle Frafjord

– Eg håpar me får eit funksjonelt bygg som er til for dei tilsette som skal jobba der kvar dag. Det bør heller ikkje ha kraner av gull, men vera nøkternt og med ein pris me kan leva med, seier fungerande ordførar Pål Morten Borgli (Frp).

  • Sjå alle forslaga her (NB! Ekstern lenkje)

Kreative namn

Innsyn, Et samlingspunkt for fremtiden, Saturn, Framtiden i sentrum, Okarina, Solvind, Gaukens Hus, Maktå på Straen, De blå ulver, Apache. Berre fantasien har sett grensene for namna på dei ulike forslaga.

Thor Magne Seland

JURYMEDLEM: Thor Magne Seland, gruppeleiar i Sandnes Høgre.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Eg har ingen favoritt endå, og det skal eg heller ikkje ha. Som jurymedlem trur eg at eg skal bruka litt meir enn 3,5 minutt på å bestemma meg, seier Thor Magne Seland, gruppeleiar for Sandnes Høgre og medlem i juryen som skal bestemma kva rådhus som skal byggjast.

Juryen har sett av fire arbeidsdagar den neste månaden til å gå gjennom dei 56 forslaga som er levert.

– Det er mange gode forslag, det ser eg allereie no, seier Seland, som er imponert over kor mange forslag som er kome inn.

– Eg er imponert over kor stort engasjement dette har skapt i arkitektmiljøet. Det er klart det er eit prestisjeprosjekt og eit prestisjebygg i ein vekstkommune som Sandnes, å få setja namnet sitt på bygget som skal bli eit av kjernebygga i Sandnes sentrum i generasjonar framover, seier han.

– Etasjane står klare for nabokommunane

Samstundes som planane om nytt rådhus nærmar seg bygging, skal kommunegrensene i heile Noreg vurderast på nytt.

– Å byggja no når kommunegrensene skal vurderast på nytt, skal dette bli rådhuset for ein ny storkommune?

– Det kan det gjerne vera. Me skal ikkje ta den debatten her, men me har sett av eit par etasjar til nabokommunane dersom dei vil vera med, det har me, seier fungerande ordførar Borgli med glimt i auget.

Og pris for prosjektet? Sandnes kommune vil bruka mellom fire og fem hundre millionar på prestisjebygget i Vågen.