NRK Meny
Normal

Ein heil skuleklasse døde i flyulukka

For 50 år sidan døde ein britisk skuleklasse med 34 gutar frå 13 til 16 år i ei tragisk flyulukke i Rogaland. Totalt 39 britar mista livet i ulukka. – Eg gløymer aldri dagen eg fann flyet, seier 76 år gamle Ola Lekvam, han var første mann på ulukkesstaden.

Video Flystyrt i Holtaheia

Flystyrt i Holtaheia: Sjå TV-innslag frå 1961 om flykrasjet.

Ola Lekvam

Ola Lekvam (76) var den første som fann flyet etter ulukka. Her er han ved minnesmerke på Holtaheia 50 år etter.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Eg sprang oppover mot fjelltoppen der flyet hadde krasja, og før eg nådde toppen møtte eg vrakrestar og meir grufulle ting, seier Ola Lekvam som då var 26 år gamal. Han er tilbake på ulukkesstaden i Holtaheia i Strand kommune 50 år etter.

Midt på natta reiste han ut for å leita etter eit fly som hadde kome ut av kurs, og truleg forvilla seg inn i Ryfylke. Han visste kor mange som skulle vera om bord på flyet:

– Då eg hadde funne vraket byrja eg å telja dei omkomne, eg kom fram til fleire enn det faktisk var. Det var ikkje godt å vita om det eg fann hadde vore ein eller to personar, seier han.

Klassetur til Norge

Dei døde var heile 39 i talet, og dei fleste var gutar i alderen 13 til 16 år. Om bord i flyet sat nemleg ein heil skuleklasse frå Lanfranc Secondary Modern School for Boys. Dei skulle på klassetur til den norske fjellheimen i sterk kontrast frå heimbyen Croydon.

– Bror min var den siste som fekk plass på flyet. Han måtte slå krone og mynt med ein klassekamerat, og det var han som vann. Eigentleg tapte han, seier Rosalind Jones, søster til Quentin Green ein av 13-åringane som mista livet i flykrasjet.

Ho er også til stades i Strand for å vera med på minnemarkeringa.

Dette var skuleklassen der alle mista livet:

Skuleklassen som omkom
Foto: Flystyrten i Holtaheia / Commentum forlag
Skuleklassen som omkom

Totalt var det 34 gutar i alderen 13 til 16 år, to lærarar og mannskapet på tre som mista livet i Holtaheia i Strand kommune. På bileta ovanfor ser du skuleklassen og lærarane.

Foto: Flystyrten i Holtaheia / Commentum Forlag

– Plutseleg så var dei døde

Då Ola Lekvam hadde fått oversikt over situasjonen og sett at det ikkje var overlevande sprang han til nærmaste gard som hadde telefon.

Han hamra med ein tresko på døra for å vera trygg på at dei som budde der skulle vakna.

Snart var meldinga som skaka to nasjonar ute. Norge og Storbritannia var i sorg.

– Dei var alle levande dagen før, men så var dei plutseleg døde. Det gav inga meining, seier Rosalind Jones som saman med dei andre familiane fekk meldinga over radio i England.

Ho har gitt ut bok om det som skjedde i samanheng med 50-års markeringa. Der skriv ho at familien hennar blei knust av å mista Quentin.

Også Ola Lekvam har hatt det tøft etter det som møtte han på Holtaheia:

– Særleg den første tida etter var vanskeleg. Alle ville høyra om det, så dei spurde og grov. Eg må sei at eg blei lei av det. Eg gjorde det, seier han.

Faksimile av VG 10.08.1961

Faksimile frå framsida til VG dagen etter ulukka.

Foto: Faksimile / VG

Årsak framleis ukjend

Då ulukka skjedde var det den verste som hadde skjedd på norsk jord til den tid, og havarikommisjonen blei straks kopla inn.

Likevel har ein ikkje lukkast med å finna ut kva som gjekk gale dagen i august.

Det var dårleg vêr, kartet var dårleg og flyet blei reparert for motorproblem før det letta frå London. Dette er alle faktorar som kan ha spelt ei rolle i flystyrten.

Fleire samla til markering

50 år etter ulukka var fleire folk samla på ulukkesstaden då ordføraren i Strand la ned blomar. Over 60 personar frå Croydon er med på minnemarkeringa som blir avslutta i domkyrkja i Stavanger i ettermiddag.

For Ole Lekam er dette eit minne om dagen han aldri gløymer:

– Eg gløymer aldri denne dagen, eg kan ikkje gløyma han, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.