Hopp til innhold

4,5 tonn for mykje på lasteplanet

– Her kunne det fort ha skjedd ei ulukke, seier Helge Våge frå Vegvesenet om container-lastebilen, som fekk dei til å sperra opp augo i dag.

Overlast

I tillegg til å vera kraftig overlessa var heller ikkje lasta skikkeleg sikra opplyser Vegvesenet.

Foto: Vegvesenet

Vegvesenet har i dag gjennomført ein kontroll av lastebilar på fylkesveg 44 på Bryne. Den eine bilen dei stoppa gjorde ekstra inntrykk.

– Totalvekta på bilen var 23,5 tonn, altså 4,5 tonn for mykje. Dessutan var ikkje bilen forsvarleg lasta og lastebilen var ustabil, seier Helge Våge frå Vegvesenet.

Lastebilen blei stoppa, og eigaren fekk eit vektgebyr på 11.500 kroner. Sjåføren tok av det han hadde for mykje av vekt og sikra lasta skikkeleg før han fekk reisa vidare.

Ei ulukke kunne fått store konsekvensar, ifølgje Våge.

– Her kunne det fort ha skjedd ei ulukke og det kunne blitt alvorleg. I tillegg til at bilen var vinglete finst det også grenser for kva bremsene toler, seier han og legg til at det ikkje er ofte at dei tar bilar med så stor overvekt.

Også ein sjåfør av ein semitrailer fekk gebyr og måtte lossa om under dagens kontroll i Rogaland.