Hopp til innhold

42 og langt frå ferdig som toppsyklist

Gunn-Rita Dahle Flesjå har runda 42 år og er klar for sin 20. sesong i verdscupen i terrengsykling. Likevel er motivasjonen på topp, og ho satsar for fullt mot OL i Brasil neste år.

Gunn-Rita Dahle Flesjå har runda 42 år og er klar for sin 20. sesong i verdscupen i terrengsykling. Likevel er motivasjonen på topp, og ho satsar for fullt mot OL i Brasil neste år.

SJÅ REPORTASJEN: Gunn-Rita Dahle Flesjå er veldig motivert for ein ny sesong på sykkelsetet.

Gunn-Rita Dahle Flesjå frå Bjørheimsbygd har konkurrert i verdscupen sidan 1995. Likevel er ho langt frå ferdig som toppsyklist.

– Alder er inga hindring. Me må heller tenkja at «me kan endå!», seier ho.

Satsar mot OL

Denne sesongen er det to verdsmeisterskap som er dei største konkurransane, neste år er det OL i Rio de Janeiro som er hovudmålet .

– Maraton-VM i slutten av juni er den første store konkurransen. Det å kjempa om ei ny regnbogetrøya er noko av det aller gjævaste for ein syklist. Så er det eit nytt VM på tampen av sesongen, det er dei to viktigaste i år, seier Dahle Flesjå.

 Gunn-Rita Dahle Flesjå

Her er Dahle Flesjå under verdscupopninga i Belgia i 2008.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

«Mamma, ikkje slutt»

Før sesongen skreiv ho ny toårsavtale med sykkellaget Multivan Merida Biking Team. Om få veker startar sesongen for fullt, men ho har allereie sykla nokre konkurransar, blant anna vann ho eit UCI-ritt i Italia i helga.

– Sesongen blir veldig spanande. Me har hatt ein veldig god vinter der me har fått trent det me ville og hatt få avbrekk. Me føler oss veldig klare, seier ho.

Når ho snakkar om «me», siktar ho til trenar og ektemann Kenneth Flesjå og sonen Bjørnar. Ho meiner dei er ein viktig årsak til at ho framleis er i verdstoppen.

– «Mamma, vêr så snill, du må ikkje slutta å sykla for det er så kjekt å reisa og mange kjekke ting som skjer.» For han sin del kunne eg nok heldt fram i mange år til.