– Den bota som blei gitt frå Mattilsynet utgjer berre to kroner og 50 øre for kvar kylling. Hugs at alle dei 16.500 kyllingane har lide seg gjennom fire dagar utan vatn, seier kommunikasjonsrådgjevar i Dyrevernalliansen, Kaja Ringnes Efskind.
Bonden i Dalane-regionen i Rogaland, fekk levert 16.500 små kyllingar til anlegget sitt ein fredag i juni i sommar.
- Les også:
Laurdagen etter døydde fem kyllingar. Søndagen døydde 41, og måndagen 56. Men det var først då 4119 kyllingar døydde på tysdagen at bonden slo alarm.
Etter at veterinær var kome til staden kom det fram at vasstilførsla i anlegget hadde svikta.
– Me melder denne saka til politiet fordi me meiner det har gått føre seg grov aktløyse på staden, seier kommunikasjonsrådgjevar i Dyrevernalliansen, Kaja Ringnes Efskind.
Meiner bot er nok
Det er Mattilsynet i region Sør og Vest som har undersøkt saka. Dei veit at det var ein avløysar som hadde ansvaret for kyllinghuset fram til over helga.
Avløysaren la ikkje merke til at kyllingane ikkje fekk vatn. At 40–50 kyllingar døyr kvar dag dei første dagane, er heller ikkje uvanleg.
- Les også:
Likevel er det eigaren som har fått ei bot på 42.000 kroner frå Mattilsynet.
– Eigar er ansvarleg for at dette skjedde, fordi han ikkje kvalitetssikra at dyra faktisk fekk drikkevatn, seier avdelingssjef Odd Ivar Berget.
Melder kyllingtragedien til politiet
Dyrevernalliansen viser til ein dom med fengselsstraff på eitt og eit halvt år for dyremishandling i Gjøa i Trøndelag i fjor. Den gjaldt eit parallelt tilfelle der over 90 storfe blei tørsta og svelta til daude, opplyser alliansen.
– Då gjaldt det mindre enn 100 dyr og her snakkar me om over 4000 daude dyr og 16.500 dyr som har lidd, seier kommunikasjonsrådgjevar Kaja Ringnes Efskind.
- Les også:
Ringnes Efskind peikar også på at dyrevernlova ikkje skil mellom store og små dyr, slik at kyllingar har like stor rett til trygge livstilhøve som større dyr.
Meiner bot passar best
Avdelingssjef Odd Ivar Berget fortel at dei i Mattilsynet har diskutert denne saka grundig, og at dei har kome fram til at det er rett å gi oppdrettaren ei bot på 42.000 kroner.
Då har dei tatt omsyn til at det var ein avløysar som var på jobb i helga, og at verken han eller eigaren hadde nok kompetanse til å oppdaga at kyllingane ikkje fekk vatn.
NRK har snakka med kyllingoppdrettaren, som ikkje vil stå fram med namn eller bilde i media.