Hopp til innhold

400 kan miste jobben i Seadrill

Rundt 40 prosent av dei tilsette i Seadrill Norway Crew kan miste jobben når to riggar er ferdige med sine oppdrag på nyåret. Seadrill har 1.050 tilsette i Noreg gjennom selskapet Seadrill Norway Crew AS, som har hovudkontor i Stavanger. Til våren er riggen «West Bollsta» ferdig med sitt boreprogram, og kontrakten med Lundin vert avslutta. I tillegg skal riggen «West Hercules» til Canada på eit oppdrag i eit halvt år frå februar eller mars. Det gjer at opp mot 400 tilsette blir overflødige i selskapet, skriv Stavanger Aftenblad.