Hopp til innhold

40 dagar med kaos på jobben

IT-bedrifta Future Home i Stavanger, tillèt at du kan styre lys, varme og persienner på kontoret deira. I tillegg kan du skape totalt kaos, om du finn den "hemmelege" knappen på nettsida.

Future Home, skjermdump

Skjermdump av heimesida til 'Future Home', med styringsappen til høgre

Foto: Skjermdump frå heimesida til Future Home

Torsdag kveld opna IT-selskapet Future Home på Forus i Stavanger, for noko som kan gjera arbeidsdagen mildt sagt utfordrande i tida framover.

– Då kan dei som vitjar heimesida vår overta styringa av heile kontorområdet. Dei kan skru av og på lyset, stille temperaturen og la persiennen gå opp og ned.

Future Home, dagleg leiar Egil Stokkeland

Egil Stokkeland, dagleg leiar i 'Future Home'

Det fortel dagleg leiar Erik Stokkeland. Han satsar på at dette skal bli så freistande at nettbrukarane strøymer til, og håpet er at dei også skal oppdage produkta selskapet tilbyr.

Styrer elektronikken i heimen

Det er crowd-sourcing det vesle selskapet på Forus set si lit til. I løpet av 40 dagar vonar dei at nettkundar skal bestille produktet deira til ein samla verdi på minst 1.5 millionar kroner. Skjer det, så har firmaet råd til å sette produkta sine i produksjon. Skjer det ikkje, blir oppstartsperioden som til nå har gått over to år, endå lengre.

– Me tilbyr ein app som styrer all den intelligente elektronikken i heimen din, seier dagleg leiar Erik Stokkeland.

– Og det er den appen du får prøva ut på våre eigne nettsider, sjølv om det nok fører til mykje mas og plage for oss, seier Stokkeland.

For å verkeleg skape interesse har han også lagt inn ein "hemmeleg" kaos-knapp i appen.

– Når nettbrukarane tar den i bruk blir det verkeleg månelyst i kontoret vårt, lovar Stokkeland, som mellom anna nemner at den knappen kan setje i gang ei vindkanon i lokala deira.

Saka fortset under videoen.

Unge grundere med nytt konsept

SE VIDEO: Det vart ein usedvanleg dag på kontoret for dei unge gründerane.

Ungdommen styrer

Osman Avith er eigar av eit kontorlandskap for gründerar i IT-bransjen og andre kreative yrke.

Osman Avith, dagleg leiar i Mess & Order

Oslman Avith er dagleg leiar for kontorfellesskapet 'Mess & Order'

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Mange av dei unge IT-folka drøymer om å skape ein suksess-app, som blir ein storseljar og som gjer dei rike. Dei har sett på kva skaparane av Google og Facebook har gjort, og dei vonar å oppnå noko liknande, seier Avith.

Draumen om å slå gjennom med denne appen, ligg også bak den uvanlege marknadsføringsmetodar som Stokkeland nyttar.

– Men dette er nok berre mogeleg fordi dei tilsette er unge og at dei har sans for å gå nye vegar.

Tips og råd

Leiinga i Inkubator Ipark på Ullandhaug i Stavanger

Arne Rannestad leiar IKT, Ipark

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Future Home er eit av mange selskap som har fått hjelp og støtte av Inkubator Ipark. Selskapet gir økonomisk og anna hjelp, mellom anna til IT-selskap som er på veg opp og fram.

Fredag arrangerer Ipark eit større seminar, der deltakarane blant anna kan læra meir om alternative måtar å finansiere produksjonen av produkta sine. Eit eksempel er crowd-sourcing gjennom å skape blest rundt si eiga heimeside på nettet.

– Målet vårt for dagen er at IT-gründerane skal få kunnskap nok til å få etablert drift i selskapet sitt, og at dei skal lære å gjera det fortare enn kva dei ellers kunne klart sjølve.

Det er meldinga frå IKT-leiar i Ipark, Arne Rannestad, som saman med Gry Isabel Sannes-Knutsen i IPark, arrangerer seminaret "Ipark NuTek Startup Gathering" i lokala til Mess & Order i austre del av Storhaug bydel i Stavanger.