Hopp til innhold

Faremo blir saksøkt av 340 personar med utvisingsvedtak

– Det er mot norsk lov å tvangsreturnera desse menneskja til Etiopia, seier Girum Zeleke. Han representerer 340 personar frå nord til sør i Norge, som nå har gått i dekning for å ikkje bli tvangssende til Etiopia.

Forsvarsminister Grete Faremo

Den norske stat, representert ved Justis- og beredskapsminister Grete Faremo, blir i dag saksøkt av 340 etiopiarar og eritrearar.

Foto: Øijord, Thomas Winje / SCANPIX

Girum Zeleke

Girum Zeleke representerer dei 340 personane frå Etiopia og Eritrea som nå saksøker justis- og beredskapsminister Grete Faremo.

I slutten av januar underteikna Norge ein utleveringsavtale med Etiopia.

Dette opna for at etiopiarar og eritrearar, som oppheld seg i Norge med utvisingsvedtak, kan bli tvangssende tilbake.

– Alle som nå kan sendast tilbake vil vera i fare i diktaturet Etiopia. Derfor strir dette mot utlendingslova, og derfor saksøker me nå den norske stat ved justisminister Grete Faremo, seier Girum Zeleke, Stavanger-mannen som representerer dei 340 saksøkarane.

– Kan ikkje kommentera saka

Det er advokat Bent Endresen som i dag har informert Justisdepartementet om stemninga.

Dette stadfestar kommunikasjonsrådgjevar ved departementet, Tonje Torsgard. Men ho seier at dei framleis ikkje har motteke dokumentet.

– Justisdepartementet har ikkje motteke stemninga, og me må sjølvsagt sjå den før me kan kommentera den, seier Torsgard til NRK.no.

Ifølgje Zeleke vil talet på saksøkjarar stiga i løpet av dagen og morgondagen.

– Det vil i alle fall bli hundre fleire som vil stå bak det endelege søksmålet, seier Zeleke.

VIDEO: Han er ein av saksøkjarane

Video Saksøkar staten

VIDEO: Dette er ein av dei som nå har gått i dekning, og som er med på søksmålet mot staten.

– Regjeringa representerer ikkje det norske folk

Returavtalen med Etiopia har blitt mykje diskutert, og det har blitt arrangert demonstrasjonar i heile landet mot avtalen.

Dei 340 personane som går til søksmål mot Justisdepartementet har fått utvisingsvedtak, og lever nå i dekning hos norske familiar opplyser Zeleke.

– Nordmenn opnar opp dørene sine, for dei ser at dette er feil. Her representerer ikkje Regjeringa det norske folk slik eg ser det, seier han.

Han seier at dei vil stå i stor fare om dei blir sende heim.

– Etiopia er eit diktatur der alle som er i opposisjon blir stempla som kriminelle. Dei har ei antiterror lov som dei har svært låg terskel for å nytta. Nyleg blei fleire journalistar dømde til 14 år til livstid sidan dei ikkje støttar styresmaktene sitt syn, seier han.

Han legg også til at etterretningstenesta til Etiopia har bilete av fleire som har delteke i demonstrasjonar i Norge.

– For desse står liva i fare når dei kjem til Etiopia, seier han.