Hopp til innhold

30.000 hjortedyr skal bli testa for skrantesjuke

Skrekkscenarioet til hjorteviltjegerar før årets jaktsesong er at det i framtida ikkje vil vera mogleg å jakta hjort og elg på grunn av skrantesjuka. Nå skal ei nasjonal kartlegging auka kunnskapen om dyresjukdommen.

reinsjakt på Hemsedalsfjellet

Skrantesjuke er ein dødeleg sjukdom som råkar hjortevilt. I Noreg er heile stammen i det eine villreinområdet i Nordfjella no utrydda i eit forsøk på å bli kvitt sjukdomen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dersom sjukdomen spreier seg, er frykta til hjortejegerane at stammen blir såpass redusert at det ikkje er mogleg å gå på jakt fordi det ikkje er eit overskot me kan hausta av, seier Aleksander Amdal.

Han er leiar av Strand Jeger og Sportsfiskerlag i Rogaland, og sjølv ein ivrig hjorteviltjeger.

I år er Amdal blant jegerane som skal delta i eit nasjonalt kartleggingsprogram for skrekksjukdommen skrantesjuke.

Til saman skal om lag 30.000 hjortedyr som blir felt (elg, hjort, rådyr og villrein) testast for den dødelege og smittsame dyresjukdommen (sjå faktaboks).

Aleksander Amdal

Aleksander Amdal jaktar både hjort, elg og reinsdyr. Nå er det hjortejakt han er mest opptatt av. Den tek til 1. september her til lands.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ny type skrantesjuke

Sjukdommen blei for første gong påvist i Norge i 2016 på ei simle i villreinstammen i Nordfjella, noko som førte til at heile reinstammen på 2000 dyr blei utrydda Ein ny type skrantesjuke er også påvist på tre elg i Trøndelag og ein hjort i Møre og Romsdal.

Det er ennå uklart om denne typen skrantesjuke er smittsam, ifølge Miljødirektoratet.

Knut Morten Vangen

Knut Morten Vangen, seksjonsleiar i Miljødirektoratet.

Foto: Even Langmo / NRK

Saman med Mattilsynet står dei bak det nasjonale kartleggingsprogrammet. Kartlegginga vil skje både i villreinområda, kommunane rundt dei fire stadane kor sjukdommen er påvist, i tillegg til ein del tilfeldig utvalde kommunar.

– Me ønsker å få betre oversikt over sjukdomsutbreiinga. Me fryktar at sjukdommen skal spreia seg til andre villreinområde eller til andre hjorteviltbestandar i Norge, seier seksjonsleiar Knut Morten Vangen i Miljødirektoratet.

Dobbel kartlegging

Strand kommune i Rogaland er blant dei tilfeldig utvalde kommunane som er med i kartlegginga. I tillegg er rogalandskommunen blant 100 kommunar i landet som er plukka ut til å delta i eit EU-pålagd overvakingsprogram for skrantesjuke.

Trond Leirflåt

Viltansvarleg i Strand kommune, Trond Leirflåt.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Det blir i overkant mykje kartlegging for ein kommune såpass langt frå der sjukdommen er påvist, meiner viltansvarleg Trond Leirflåt i Strand kommune.

– Kartlegging er bra, men eg føler me kunne tatt ein ting om gongen. Me kunne kartlagd sør for Trøndelag til og med Hordaland, kor det er mykje hjort. Så kunne EU-prosjektet kome etterpå.

Og viltsjefen får støtte frå Amdal i jegerforeininga i kommunen.

– Faren med så omfattande undersøkingar er at ein ikkje får inn så mange prøvar og resultat som ein ønsker.

– Nødvendige kartleggingar

Men dei omfattande kartleggingane er heilt nødvendige, meiner Miljødirektoratet.

Kostnadane for den nasjonale kartlegginga er på 20 millionar kroner i 2018. Det er også planar om tilsvarande kartleggingar i 2019 og 2020.

– Me ønsker å kartlegga breitt for å eventuelt avdekka sjukdommen i andre delar av landet. I tillegg stiller EU visse krav til ei representativ kartlegging når slike sjukdommar blir oppdaga, seier Knut Morten Vangen i Miljødirektoratet.